Vangsnes krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vangsnes krins har vore ein del av Vik kommune sidan 1964. Frå 1849 til 1964 var Vangsnes ein del av Balestrand, og før 1849 høyrde Vangsnes sokn til Leikanger prestegjeld. Rundt 1900 var det 44 elevar i Vangsnes krins.

Skulehus

Gamleskulen på Vangsnes

  • Byggeår: 1862
  • Fungerte som skule: 1862-1964
  • Anna bruksområde: Det var postopneri i gamleskulen frå 1877 til 1886.

Nyeskulen på Vangsnes

  • Byggeår: 1986
  • Fungerte som skule: 1986-d.d. (elevar frå 1-4 klasse)
  • Anna bruksområde: grendahus og barnehage

Skuleveg

På 30- og 40-talet var det snakk om å bygje eit nytt skulehus på Vangsnes. I tilsynsutvalets møtebok kjem det fram at krinsen ikkje klarer å bli einige om kvar dei vil ha det nye bygget. Fleirtalet vil ha eit nytt hus på Vangsnes ved den gamle skulen, mens eit mindretal frå Tveiti, Øksdal og Hovland meldte disent. Årsaka var den lange reisevegen for skuleborna på desse gardane: «Det er no høve til å bøta på gamal urett som har råda i mannsaldrar at folkeskulen har hatt tilhald i inste luten av krinsen og såleis valda urimeleg lang veg for dei som budde i ytste luten av krinsen». Planane om eit nybygg ser ut til å ha blitt lagt bort innan 1949, så skulevegen vart ikkje korkje kortare eller lenger for borna den gongen.

Skuledagen

Lærarar

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Arne Inge Sæbø (2005). Skulesoge for Vik
  • Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1891-1895. Annonce-Tidendes Bogtrykkeri 1897
  • Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1896-1900. John Griegs Bogtrykkeri 1902
  • Møtebok for tilsynsutvalet i Vangsnes skulekrins, 1890-1964. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Vangsnes skulekrins, 1870-1886. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Vangsnes skulekrins, 1921-1964. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Tilvoksterliste og rekneskapsbok for Vangsnes skuleboksamling, 1936-1965. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Utlånsbok for Vangsnes skuleboksamling, 1937-1964. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Rekneskapsbok for Vangsnes skuleboksamling, 1949-1964. Digital versjon på Digitalarkivet.no.

Digitale kjelder