Vanylven sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vanylven sogelag i Vanylven kommune vart skipa 20. november 1943. Sogelaget «har til føremål å vekkje og nøre opp under interessa for slekt, soge, folkeminne, segner og tradisjonsstoff, og ta vare på dette ved å få det nedskrive. Det skal og samle inn og ta vare på dagbøker, brev, bilete og anna av historisk verdi». Laget gjer ut tidsskriftet Fotefar (før 2010: Tidsskrift for Vanylven sogelag).

I 2019 hadde sogelaget 220 medlemar.

Leiarar

  • Hans Vidnes 1943-19558
  • Gerhard G. Fiskaa 1959-1971
  • Sverre Aarsnes 1971-1981
  • Svein Thunem 1981-1983
  • Jostein Krokvik 1983-1996, æresmedlem
  • Arnhild Sætrenes 1996-1998
  • Svein Bøstrand 1998-2000
  • Svein Thunem 2000-2004, dessutan bygdebokforfattar 2006-2011 og æresmedlem
  • Harald Thunem 2004-2006
  • Gunnar P. Strand 2006-2011
  • Marit Margrete Berget 2011-2017
  • Gunnar P. Strand 2017-

H.M. Fiskaa var bygdebokforfattar 1946-1970, medan R. Emil Sæter var bygdebokforfattar 1975-1981. Vidar Parr er redaktør for tidsskriftet.

Hovudaktivitetar

  • Utarbeide og gje ut bygdebøker.
  • Kartfeste gamle namn.
  • Gje ut eit årleg tidsskrift.
  • Samle inn gamle foto, samle opplysningar om dei og skanne dei. Samlinga er ein del av FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal.
  • Uttale seg om og gje innspel om kommunale planar, mellom anna kulturminneplanen.
  • Registrere, kartfeste og samle opplysningar om gamle fysiske anlegg.
  • Fotosamling.

Publikasjonar

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer