Vassbruksmiljø Takle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vassbruksmiljø Takle er ei stampemølle som ligg på Takle i Gulen kommune i Sogn. Ei stampe er ein bygning som vart brukt til framstilling av filt eller vadmål.

Historie

StølsvatnetMidttakle har frå gamalt av gjeve grunnlag for regulering og nytte av vassmengda i Takleelva. Nedanfor eit restaurert kvernhus nær brua på Midttakle er det reist ei operativ stampe. Ho vart truleg bygd av Bård Eivindson Takle i 1880 og var i bruk fram til 1945. Nær brua på Midttakle står eit kvernhus som i 1996-97 vart restaurert med ny kledning og torvtak, kvernkall og slok. I ein tømmerstokk i kvernhuset er rissa inn årstalet 1785. Det er grunn til å tru at alle brukarane på Midttakle var saman om kverna.

Stampa vart bygd opp att på dei gamle murane i 1998-1999 med stønad frå kommunen med middel til særskilde tiltak i landbrukslandskapet. I august 1999 vart vassbruksanlegget og stampa på Takle opna under Kystsogevekene.

Stamping

Stamping vart gjort om våren eller sommaren, for dei ferdig stampa vevstuane skulle bleikast, og det vart gjort på bøen like ovafor stampa. Ein kunne bruke bøen på denne måten før graset hadde vokse skikkelig til, og når håa voks opp etter første slåtten. Den eine enden av vevstuen vart festa til marka med to pinnar, ein i kvart hjørne. Vevstuen vart så rulla ut og strekt og fest i andre enden på same måten. Så vart dei bleika i sola.

Stampa vart driven med vasskraft med et stort vasshjul. Det store hjulet gav jamn fart og trykk til krafta som vart brukt fire gonger for kvar omdreiing. Ein skulle lyfte to store trestokkar for kvar vevstu, og det var plass til tre stuar samtidig. Den høge stampestokken fekk plass oppe under mønet, og for kvart lyft fall han ned på stuen. Då gjekk vevstuane rundt og vart jamnt banka. Dei låg i kvart sitt kar fylt med varmt såpevatn under denne tovinga.

I stampehuset var det ei grue med ein stor kjel som vart brukt til oppvarming av vatn. I hellegolvet var der eit sluk, slik at det vatnet som var brukt gjekk rett i elva. På Midttakle har ein restaurert ei stampe ut frå ein modell laga av Magnus Takle, for å vise korleis dette handverket vart utført tidlegare.

Kjelder