Vegar i Eikefjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartet viser vegar rundt Eikefjord med henvisning til artikler

Vegar i Eikefjord viser vegar rundt Eikefjord i Kinn kommune.

  1. Bygdevegen Eikefjord - Ramsdal
  2. Bygdeveg Knapstad–Øyra
  3. Kjerreveg Kvalvik - Eikefjord
  4. Veg Eikefjord - Svardal
  5. Frå rasfarleg veg til Sundafjellstunellen
  6. Riksveg 585 frå Florø til Førde
  7. Sunnarvik - Sandvik
  8. Storebru - Hyen
  9. Gul midtstripe forbi Eikefjord
  10. Naustdalstunellen

Første vegen som er nevnt rundt Eikefjord er vegen til Ramsdal. I formannskapsprotokollen frå 1849 står det at vegen opp Eikefjordsdalen har eksistert frå gamal tid, og vart bygt og vedlikehalden av bygdefolket.

Den som først byrja å jobba for vegsamband mellom Florø og Eikefjord var F. T. Lorenzen, ordførar (1888-90) og distriktlege i Kinn (1880-90). På heradstyremøte i Kinn herad behandla dei skriv frå Florø kommune om veg til Nordfjord og Naustdal. I 1944 var vegen til Eikefjord ferdig og våren 1945 kunne ein køyra mellom Florø og Førde på rv 585. Endeleg ferdiggjering og offisiell opning skjedde først i 1952. I 1998 vedtok Stortinget full utbetring av riksvegen mellom Førde og Florø. Denne vegen vart lagt utanfor Eikefjord sentrum med parsellen Knapstad-Kvalvik. Samferdsleminister Torild Skogsholm stod for den offisielle opninga av nyvegen frå Naustdalstunellen til Mekevika, Brandsøy den 6. juli 2005.