Vekkjinga på Lesund i 1948

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hausten og vinteren 1948 fann det stad ei kristen vekkjing på Lesund i Aure kommune. Omlag 30 menneske, unge og eldre, vart omvende til kristen tru.

Starten på vekkjinga

I august/september 1948 kom forkynnaren Marie Megård frå Det Vestlandske Indremisjonsforbund til Lesund for å halda ein møteserie. Ho hadde for det meste møte i private heimar, men også på Lesund bedehus. Det gjekk fjorten dagar før nokon gav til kjenne at dei ville verta ein kristen. Dette vart starten på vekkjinga.

Etter dette var det omtrent ingen på Lesund som var likegyldige til bodskapen, folk strøymde til møta. Då hovudmøtet var over, vart det såkalla "ettermøte", med bøn og sjelesorg.

Reaksjonar på ettermøta

Ettermøta vekte reaksjonar, også hjå det lokale kristenfolket. Det vart difor sendt bod etter soknepresten i Aure, Victor Høstmark, for at han skulle vurdera om dette var «forsvarleg». Høstmark konkluderte med at det ikkje var noko gale med forkynninga. Visse av møteformene karakteriserte han som «framande». Men sluttsatsen til Høstmark vart: Megård vart bruka av Gud, «og da får vi stige til side».

Oppstart av kristeleg ungdomsforening og musikklag

I etterkant av vekkjinga vart Indremisjonsforbundets Ungdomsforening Lesund stifta. Det vart også starta opp med eit musikklag.

Kjelder og linkar