Marie (Megård) Sandblåst
Marie (Megård) Sandblåst (fødd 28. april 1922 på Lillehammer, død 16. oktober 2011 i Elnesvågen) var lærarinne og forkynnar i Det Vestlandske Indremisjonsforbund (seinare Indremisjonsforbundet, ImF). Sandblåst fekk oppveksten sin i Kristiansund. Her opplevde ho bombinga og evakueringa i 1940.
Engasjement i kristeleg verksemd
Sandblåst var aktiv i Den Indre Misjon (seinare Kristiansund Indremisjon), først i søndagsskulen, seinare i yngreslag og ungdomsforening. I 1942-1943 gjekk ho på Bibelskolen i Bergen (seinare Bildøy Bibelskole). Under dette året opplevde ho å få stadfesting på kallet til å verta forkynnar.
Etter dette vart Sandblåst forkynnar i Nordmøre krins av Det Vestlandske Indremisjonsforbund. På mange av stadane ho forkynte braut det ut vekkingar, mellom anna på Lesund i 1948.
Arbeid som lærarinne
Etter at Sandblåst slutta som aktiv forkynnar, vart ho lærar i barneskulen. Lengst fartstid fekk ho ved Hustad skule i dåverande Fræna kommune. Også i denne tida var ho aktivt med på kristelege møte rundt om i bygdene, med tale og song. Ei tid var ho også leiar i eit barnemusikklag.
Siste åra i Elnesvågen
Dei tre siste åra av livet sitt budde Sandblåst i Elnesvågen. Også her var ho med i bedehusmiljøet. Marie Sandblåst vart gravlagt ved Myrbostad kyrkje 21. oktober 2011.
Kjelder og lenkjer
- Indremisjonsnytt, nr. 10, 2011.
- Den Indre Misjon skifter navn
- Nettsidene til Bildøy Bibelskole
- Marie Sandblåst i Historisk befolkningsregister