Velle Sementsteinfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Velle Sementsteinfabrikk var ein mursteinprodusent på Toregarden på Velle i Sykkylven. Verksemda vart skipa av Jens Velle i 1949. Det hadde også tidlegare vore sementsteinproduksjon på Velle. Far til Jens Velle, Ole Petter, hadde drive med slik produksjon i ulike bolkar. Då han kom heim frå Amerika etter første turen i 1914, sette han i gang med produksjon av murstein. Sand fann han i Sandbrauta, ei sandmorene som inneheldt god støypesand fri for leire. Ole Petter sette opp eit produksjonshus like ved sandtaket, slik at han kunne slå stein sjølv om det var dårleg ver.

I åra 1923 til 1927 var han i USA for andre gong. Etter at Ole Petter Velle kom heim for godt, tok han opp at mursteinproduksjonen, og i sesongane hadde han to-tre mann i arbeid. Ole Petter Velle laga tre steintypar: vanleg murstein med profilering, takstein og sviller. Det siste vart nytta i takkonstruksjonar.

Under krigen låg mursteintilverkinga nede, for det var uråd å få tak i sement. I 1949 skipa sonen til Ole Petter Velle, Jens, Velle Sementsteinfabrikk. Første kunden til verksemda var Lade Skofabrikk i Straumgjerde.

Jens spesialiserte seg på murstein, og då produksjonen var på topp først i femtiåra, laga dei 300.000 stein i året. Jens Velle hadde to-tre tilsette, slik faren hadde hatt. Heggebakk-brørne, Henrik og Oskar Velle, tok mange tunge tak med slegga som vart nytta til å slå sementblandinga fast.

Første tida disponerte ikkje verksemda blandemaskin. Då vart all massen blanda for hand på golvet i kjellaren i Toregarden. Kontrollen var streng når det gjaldt sandkvaliteten i mursteinen og blandingstilhøvet mellom sement og sand.

For å vere sikra tilførslar av prima råvarer fekk sementsteinfabrikken på Velle tilkøyrt sand utanfrå.

Slaga frå storklubba i Toregard-kjellaren lydde gjennom heile året. Berre det ikkje vart for kaldt i sjølve produksjonslokala, kunne dei også lage stein vinteren.

Velle Sementsteinfabrikk heldt det gåande fram til 1970. Siste tiåret var likevel produksjonsmengda minkande. Då var Leca-blokkane og andre landsdekkjande mursteinsystem blitt mektige konkurrentar. Den eine etter den andre av dei mange små mursteinfabrikkane i distriktet vart borte i denne perioden.

Kjelde