Velledalen Handel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Velledalen Handel var ein assortert landhandel i Velledalen i Sykkylven kommune. Firmaet vart skipa i 1949 med namnet Velledalen Sportsforretning, og førde då særleg sportsartiklar og jarnvarer. Velledalen nedanfor Brauta var desse åra prega av liv og aktivitet, med møbelfabrikkar både på Fet, Dravlaus og Velle. Dette gav grunnlag for handel i ei tid då mobiliteten blant folk flest ikkje var så stor. Utover i 1950-åra vart vareutvalet etter kvart forandra slik at også matvarer kom med, og frå 1962 vart firmanamnet forandra til Velledalen Handel.

Butikken var heile tida i kjellaren til Lars Hole Drabløs på Dravlaus, og det var kona hans, Laura Hole Drabløs, som for det meste stod for handelen.

Butikkeigarane heldt det gåande til ut i 1980-åra. Då var det ikkje lenger arbeidsplassar i nedre Velledalen utanom landbruket.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.