Vernlaget Lesjaskog

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vernlaget Lesjaskog var ei lokal kvinneforeining for skulekretsane Kyrkjekretsen og EinbuLesjaskog i Lesja kommune, oppretta i 1928 og nedlagt på 1990-talet.

Laget arbeidde i alle år til inntekt for gode og nyttige formål i bygda. Oppstartsåret arrangerte dei pakkefest og fekk kr 170 til startkapital. Så har dei samla inn pengar jamnt og trutt, der den årvisse Vernlagsbasaren kanskje var den viktigaste. Den vart gjennomført på sommaren over fleire dagar. I 1974 starta den på Samhold, så var den ein dag på Bjorli, Lesjaskog og Lesjaverk før trekninga på Samfunnshuset på Lesjaskog sundag 21. juli.

Laget var ikkje tilknytt noko sentralorganisasjon og kunne derfor gje pengar til kven dei ville. Nokre som har fått midlar:

  • Til ny sjukebil for heile kommunen i 1949: kr. 600
  • Til nytt orgel i Lesjaskogskyrkja på 1980-talet: kr. 7500
  • Til Norsk luftambulanse på Dombås i 1988: kr. 7000
  • Og ellers har Eldres senter, Lesjaskog og Sanitetsforeininga og kyrkja fått midlar.

Da Vernlaget vart nedlagt gav dei pengane som var att i kassa til Røde Kors besøksteneste i Lesja.

Kjelder