Vetledalsbreen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart frå 1860-åra som viser ca-posisjonen til breane i Bergsetdalen på det tidspunktet

Vetledalsbreen (Grøneskredbreen) er ein brearm av Jostedalsbreen som kjem ned i enden av Bergsetdalen som er den fremste delen av Krundalen i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Vetledalsbreen ligg rett sør for den den større Bergsetbreen.

Breen kjem ned i Grøneskreda, og namnet Grøneskredbreen førekjem på gamle kart. Men namnet vetle dals breen er dokumentert så tidleg som 1742. Dette året vert det opplyst at breen har trengt seg heilt ned i dalen: "Fra Synden fremmen for fieldet høye Nipen kaldet har sig og nedtrengt mellem fieldene i Dahlen den Jisbreede, vetle dals breen kaldet."[1]

Notar