Vik bedehus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vik bedehus i Vik kommune vart oppførd i 1890/1891 og rive på 1990-talet. I høve 100-årsjubileet stilte Ivar Engan spørsmål om kva ein skulle gjere med bedehuset i det lokalhistoriske tidsskriftet Pridlao 1/1991.[1] Bedehuset hadde då stått ubrukt i fleire år. Modernisering var uaktuelt. Engan kom med forslag om å verna bedehuset som kulturhistorisk interessant bygning, til liks med dei andre gamle husa på Vikøyri, men det enda med at Vik bedehus vart selt nokre år seinare, og rive.

Bygd på 1800-talet

Vik bedehus vart oppførd i 1890-1891 på grunnen til Vik Allmenning og teke i bruk hausten 1891. Det hadde namnet «Zion». Huset vart reist ved gåver i form av pengar, dugnadsinnsats og fritt skogvyrke, også frå nordsida av fjorden. Mellom mange som stod i brodden for å byggja bedehus var J.K. Hopstock, Jens Christoffersen, Lars Gjerløw, A. Jensen, Johannes O. Tryti, Hans Brekke, Lars Vold og sokneprest S.B. Hersleb Walnum.

Føremål

Det føreligg ikkje møtebok for dei tre fyrste åra, men skrivne lover vedtekne våren 1894. Om føremålet står det: «Bedehusets bestemmelse er at der skal virkes for at samle for Guds rike og oppbygge i troen på den Herre Jesus. Huset kan derfor benyttes til alt brug som kan forliges med kjærlighed til Herren og hans ord. Dog må ingen forkynde Guds ord i det uten at han for bestyrelsen har godtgjort at han hører til den evangelisk Lutherske bekjendelse og har godt vidnesbyrd.»

Presten sjølvskrive medlem av styret

Styret skulle ha seks medlemmer, tre frå Vikøyri og to frå bygdi ovanom Vikøyri. Det sjette medlemmet var soknepresten som vart fast medlem. Ein så sterk posisjon for ein sokneprest i eit bedehusstyre er heller uvanleg. Bedehuset høyrer til lekmannsrørsla og lekmannsrørsla vert gjerne sett på som ei motrørsle til det statskyrkjelege systemet med sterk sentralregulering og med embetsmenn som leiarar (prestar) i prestegjelda.

Variert bruk

Etter vedtektene var bedehusdørene opne for mange: «samtlige (..) oppbyggelsessøkende indvånere ned gjennem alle tider, der bekjender sig til den evangelisk Lutherske tro og ikke ved forargelig liv eller bekjennelse forskjertser denne rett.» Eit oversyn over tilskipingar i åra 1910-1931 syner at huset vart mykje brukt, og berre lite utanom tilskipingar av reint religiøs karakter. I 1930 står oppførd 108 tilskipingar, som vil seia at det var «noko på bedehuset» nær tredje kvar dag gjennom heile året.

Bønnemøte, møte ved tilreisane emmissærar og kvinneforeiningsmøte er i fleirtal. Elles blei det halde festar av ymse slag, t.d. sjømansfest ved Endre Hove og Gamlefest, søndagsskule og basarar. Tilskipingar av litt anna innhald var to fråhaldsmøte, fest for Sykepleien med Rømmegrøt og årsmøte i Sykepleien. Dessutan vart det halde to samkomer etter gravferder. Ei einsleg kvinne figurerer mellom mange menn. Frk. Eidsvik heldt to møte i månadsskiftet februar/mars. På det eine synte ho lysbilete frå Finnmark.

Godt tilhøve til kyrkja

Ivar Engan skriv fylgjande om verksemda: «I samsvar med denne føremålsparagrafen [sjå ovanfor] har den frivillege møteverksemd hatt sin tilhaldstad i dette huset. Og nedigjennom åri har det ikkje vore nokon friksjon, korkje organisasjonane [misjonsorganisasjonane] imellom eller tilhøve i kyrkja. Der skulle ikkje vere møte på same tid som det var gudsteneste i kyrkja. Så det har alltid vore eit godt tilhøve til kyrkja.»

Modernisering

Huset vart vølt og modernisert i 1950-åra. Dei la nytt golv, bygde om kjøkenet og inngangen og mura opp ny skorstein. Stolar kom i staden for tunge trebenker, og det vart kjøpt nytt piano.

Kostnadene vart dekka ved gåver på same måte som i alle år tidlegare når det kom på ekstra kostnader. Eit kvinnelag arbeidde i mange år for bedehuset og kjøpte mellom anna inn mange bruksting til huset.

To trugne tilsynsmenneske

Mange personar la opp gjennom åra ned mykje arbeid for bedehuset. Ein av dei var fargar Jensen, og etter han Brita Jensen.

Tida ute for Vik bedehus

Det vart inga jubileumsfeiring då Vik bedehus runda 100 år i 1991. Huset hadde stått ubrukt i mange år. Det stetta ikkje lenger nye krav til forsamlingshus, og eit nytt kyrkjelydshus var teke i bruk i Helsetunet. Enden på visa vart at bedehusstyret lyste huset til sals. Kjøparen hadde betre bruk for tomta enn huset. Vik bedehus vart rive og erstatta med nytt bustadhus.

Fotnotar

Kjelder

Basert på artikkelen Vik bedehus av Hermund Kleppa i Fylkesarkivet sitt nettbaserte Kulturhistorisk leksikon.

Prenta kjelder

  • Sognevarden. 30.11.1966.
  • Pridlao. Nr. 1. 1991.

Uprenta kjelder

  • Vik lokalhistorisk arkiv: Privatarkiv: Vik bedehus: Oversyn over tilskipingar i Vik bedehus 1910-1931.