Vilhelm Vilhelmsen (1890–1962)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Vilhelm Vilhelmsen»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vilhelm Kristoffer Vilhelmsen (født 8. februar 1890 i Bergen, død 4. september 1962 i Nøtterøy) var prest.

Vilhelmsen var fødd i Bergen. Mora, Ingebjørg Nilsdotter (1863-1950) kom frå Ryland i Seim, Nordhordland. Faren Lars Vilhelmsen (1858-1899), kom frå Litloksa i Seim, Nordhordland. Han var handelsborgar i Bergen. I 1921 gifta Vilhelm seg med Sofie Petrea Øvregaard, fødd 1889, Stavanger. Dei fekk to døtre.

I 1911 tok Vilhelmsen lærareksamen. Etter å ha jobba som lærar ein liten periode, begynte i 1914 som assistent ved sjømannskyrkja i North Shields i England. Etter 2 år flytta han heim att til Norge og tok artium i 1917 og embetseksamen i 1921. Same året vart han sjømannsprest i Cardiff der han var i fem veker, før han reiste tilbake til North Shields. Der var han fram til 1926 då han vart flytta over til Brooklyn, New York. I 1929 vart han generalsekretær i Den Norske Sjømannsmisjon, ei stilling han hadde fram til han vart pensjonist i 1955.[1]

Vilhelmsen var også komponist. Han skreiv fleire melodiar til dikt og salmar, og har også omsett salmetekstar.

Vilhelm Vilhelmsen gjekk på lærarhøgskulen på Stord då Torleiv Hannaas var lærar der. Hannaas fekk ofte elevane sine til å samle inn folkeminne frå heimtraktene sine. I Hannaas-samlinga i Etno-folkloristisk arkiv er det ei notatbok kalla "Segner frå Seim" som Vilhelmsen skreiv ned i jola i 1909. Her har han fått onkelen og tanta si, Berge og Ingebjørg Rydland til å fortelje, samt Nils K. Hjelmtveit, far til ein medstudent.

Referanser

  1. Sjå Wasberg 1964.

Litteratur