Welle Blomster og Gaver

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Welle Blomster og Gaver AS er ei blomsterforretning i Aure i Sykkylven. Oddrun B. Welle skipa firmaet O.B. Welle Blomsterforretning i 1959, og selde berre blomar den første tida. Men tross i tronge lokale og ein startkapital på berre 500 kroner ekspanderte forretninga. Etter kvart vart det difor naturleg å ta inn artiklar som høyrde til i same bransjen: krukker, urner, vasar og liknande. Oddrun B. Welle såg tidleg at dersom ein skulle hevde seg i den harde konkurransen, måtte det fagkunnskap til. I 1964 tok ho difor sitt svennebrev i blomsterbinding, såkalla binderibrev, som ei av dei første på våre kantar av landet.

I midten av 1970-åra sette ho opp eit tilbygg til forretninga, samstundes som den gamle delen vart oppussa og delvis ominnreidd. Den samla golvflata vart dermed 260 m2. Romslegare lokale gjorde at ho kunne auke vareutvalet, som då kom til å omfatte blomster, frø og knollar, lys, serviettar og gåveartiklar.

Firmaet vart omskipa til aksjeselskap i 1981, og fekk då namnet Welle Blomster og Gaver AS. Aksjeeigarar vart Oddrun B. og Runa Welle.

Etter lang tids planlegging førte firmaet opp eit stort murbygg i sentrum av Sykkylven. Blomsterforretninga kunne flytte inn i kjellarhøgda i desember 1989. Kort tid etter kom Posten på plass i 1. høgda. Elles har bygget vore leigd ut til lensmannskontoret, Sykkylven bibliotek, til advokat og rekneskapskontor. Lokala til blomsterforretninga vart totalrenoverte sommaren 2014. Då kom det ny innreiining, nytt golv og ny inngangsfasade.

Kjelder

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.
  • Informasjon frå innehavar Runa Welle til Eldar Høidal, april 2015.