Wilhelm Kvalheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Wilhelm Kvalheim (født 20. juni 1877, død 12. desember 1950) var lærar, biletkunstnar og lokalhistorikar. Han vaks opp på Raudeberg i Vågsøy kommune og tok lærarutdanning ved Stord lærarskule (1897). Han hadde første lærarposten i Selje i Nordfjord fram til 1900. Via to andre lærarstillingar kom han til Stryn i Nordfjord (1908-1913), og i 1913 vart han tilsett ved Volda lærarskule som lærar i norsk og teikning. Største delen av lærarstillinga var som teiknelærar. Før han blei pensjonert i 1946, vart han utnemnd til overlærar, og seinare lektor.

Kvalheim sine interesser

Wilhelm Kvalheim: Akvarell og blyant 1940
Foto: Narve F. Birkeland

Kvalheim var først og fremst skulemann med fartstid frå folkeskulen før han blei tilsett i lærarutdanninga. Det er vitnemål om at han var ein dedisert lærar i begge skuleslag. I tillegg hadde han eit sterkt engasjement i ulike ideelle ungdomsorganisasjonar. Aller mest fråhaldsorganisasjonen IOGT og i kristelege organisasjonar og i mållag. Også ut over dette interessefeltet var Kvalheim ein mykje brukt talar ved mange slags arrangement. Men i denne artikkelen blir fokuset Kvalheim som teiknelærar, Kvalheim som kurshaldar og Kvalheim som biletkunstnar.

Teiknelæraren

Wilhelm Kvalheim: Gardstun i Volda, 1943
Foto: Narve F. Birkeland

Kvalheim fortel at han gjennom sin karriere som teiknelærar har undervist i «ca. 36» klassar. Han har altså kunne påverke ein stor flokk norske folkeskulelærarar. Etter omtalar å dømme må han ha vore ein inspirerande lærar. Rektor Olav Kårstad omtalar dette i ein nekrolog (Møre 14.12.1950). Han skriv at frå det at teikning var eit fag der elevane for det meste kopierte plansjar, får nå elevane «---utløysing for givnadene i forming og fargelegging. Kvalheim høyrde til dei som førebudde denne overgangen. --- han braut med den gamle kopieringa og inspirerte elevane til å leggja i veg både med akvarellmåling og oljemåling».

For å fremje ei ny forståing av faget teikning i folkeskulen, brukte Kvalheim mykje tid som kurshaldar om teikning for lærarar, «nær sagt over heile landet» (Kårstad). Og Kårstad spår at med Kvalheim som lærar « --- vart ikkje steget langt til den heile frigjeringa som sermerker faget i dag».

Eit anna døme på Kvalheim sitt engasjement, var at han ga ut to bøker om teikning. Den første i 1930: Teikning i småskulen. Hjelpebok for skule og heim. Denne boka er dedisert «Til elevane mine frå lærarskulen og teikneskeidi». Den andre boka (1932) gir også hjelp til lærarar, men med eit anna fokus: Tavleteikning. I føreordet seier han at « ---læraren må nytta teikning under opplæringi i dei ymse fag». Grunngiinga er at « --- alle born skynar og lærer snøggare når dei fær både syns- og høyrsleinntrykk samstundes» (Wikipedia). Dette ville Kvalheim hjelpe lærarar med i deira undervisning. Det er ikkje kjent kor mykje bøkene har vore brukte. Men Kvalheim sitt engasjement kan det ikkje vere tvil om. Og det at han blei så mykje brukt som kurshaldar, må bety at han også «gjorde jobben godt».

Kvalheim som kunstnar. Kvalheim i lokalmiljøet

Wilhelm Kvalheim: Gamle Volda lærarskule, 1917
Foto: Narve F. Birkeland

Wilhelm Kvalheim var ein habil akvarellmalar, og mellom alle sine andre gjeremål fekk han tid til å dyrke sin eigen kunst. Produksjonen hans var stor gjennom alle år. Men han fortel at han som pensjonist « --- kasta (seg) over målarkunsten som aldri før». Særleg var landskapsbilde etterspurde. Gjennom åra vart det mange utstillingar. På ei utstilling i Aalesund Kunstforening i 1943, for eksempel, selde han 24 akvarellar, så det var nok mange heimar som hadde Kvalheim-akvarellar i stovene (Madssen). At Kvalheim fekk godtkjent eit bilde til Statens haustutstilling i 1930, fortel noko om nivået.

I tillegg til å vere utøvande kunstnar, var Kvalheim også svært aktiv med kurs i akvarellmaling. I sitt næraste område hadde han også overskot til å delta i organisert arbeid for kunstformidling. Wilhelm Kvalheim var mellom stiftarane av Volda Kunstlag i 1937, og han var medlem av styret frå starten og ein god del år framover. Kvalheim var fleire gonger utstillar i dette kunstlaget, og han figurerer på innkjøpslista i 1940 med akvarellen «Ekset» (Volda Kunstlag, styreprotokoll).

Kjelder

  • Bergem, Peder red. (1995): Forkynning Fellesskap Forkynning. Volda lærarskule 1895 – 1995. Volda 1995
  • Bakke, Karl (1952): Norske skolefolk. Andre utgåve. Stavanger
  • Kårstad, Olav: Lektor Wilhelm Kvalheim (nekrolog). Møre 14.12.1950
  • Madssen, Kjell-Arild: Levde lærerliv. Upublisert manus
  • Volda Kunstlag, styreprotokoll. 1937 og framover
  • Wilhelm KvalheimWikipedia på nynorsk


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Wilhelm Kvalheim er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.