Jønnbrød

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Innsida av eit typisk avlettjønn frå Skjåk. Merk rutemønsteret, som er så karakteristisk for avlett- eller jønnbrødjønn i nyare tid.
Foto: Hans P. Hosar

Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels nokre stader, er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikte i krumkakejarn — eller nokre stader i litt tjukkare utgåve i gorojarn[1]. Namnet jønnbrød blir bruka i Nord-Østerdalen (jønnbrø, jarnbrø) og Särna (jönnbrö), på Land, i Valdres (jødnbrø), på Oppdal og i Orkdalen frå Berkåk og Rennebu nedover til Meldalen, der dei helst blir kalla jønnbrød. Jønnbrød blir dei kalla i Sunndalen og Øksendalen og på Ålvundeidet òg.[2] Namnet jønnbrød er òg bruka i dei østerdalske nybyggjarbygdene i Bardu[3] og Målselv[4] kommunar i Troms, der jønnbrødtradisjonen forøvrig står så sterkt at Bardu kommune til og med har ei utlånsordning for jønnbrødjønn.[5] Bardu kommune pressa òg eit jønnbrødjønn med kommunevåpenet som motiv i for å feire kommunen sitt 150-årsjubileum i 2005.[6] Namnet tynnbakels blir ein del bruka i indre deler av Romsdalen. Namnet avletto, som kjem av det kyrkjelege ordet oblat, blir hovudsakleg bruka i Gudbrandsdalen, og dessutan i Folldalen, som tidlegare høyrde til Gudbrandsdalen. Det blir òg bruka i Eikesdalen, der fleirtalsforma er avlette i nyare dialekt.[7] Andre namn som blir bruka i Nord-Østerdalen inkluderer stekbrød og godbrød.[8]

Jarnet

Gammaldags avlettjønn med langt skaft. Denne typen vart bruka i grua.
Foto: Hans P. Hosar

I tidlegare tider vart jønnbrøda steikte i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast svært lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller vaffeljarn utvendig.

Eitt av dei riktig gamle avlettjønna kjem frå Beitrusten i Folldalen. Detta jønnet, som er datert 1645, har ein kentaur som hovudmotiv på eine sida og innskrifta “IOHANES SVIENDSØN PAA BLESSEMB HAUVER GIORT DETTE TAFLEGIERN” kring kanten.[8] Eldre jønnbrødjønn har elles ofte kristne motiv. Ein undertype av dei er aposteljarn, som har ein sirkel av tolv apostelbilde kring det sentrale motivet på eine sida. Eit slikt jarn datert 1793 frå StøenTynset har ei løve som sentralmotiv på apostelsida med innskrifta “DEN STERKE LØVE AF IUDA HAR TAGET SATAN TIL FANGE” som sentralmotiv på apostelsida. Den andre sida har bladornamentikk kring eit sentralt likearma kors på andre sida, og kring kanten der står det: “NILS OLS SEN OG GIERTTRUD RAS MUS DATTER G”.[8] Innskrifta kring kanten av baksida varierer elles mellom olike jarn.

Nyare type avlettjønn med kort skaft. Denne typen kom med jarnkomfyren.
Foto: Hans P. Hosar

Det geometriske mønsteret innvendig er karakteristisk for dei fleste jønnbrødjønna frå nyare tider, men det går godt an å steikje jønnbrød i vanlege krumkakejarn eller gorojarn (for noko tjukkare jønnbrød) om ein ikkje har jønnbrødjønn.

Oppskrift

Ingrediensar:

3   dl  kremfløyte og/eller rømme
1   dl  vatn
1   ts  salt el. sukker
3,5 dl  byggmjøl eller sammale kveitemjøl

Oppskrifta varierer ein del i detaljane kring i landet. I Målselv er det for eksempel vanleg å ha i litt anis.[9]

Framgangsmåte:

Bland alle ingrediensane og lat røra stå i minst ein time. Steik dei lysgule i jønnbrødjarn eller krumkakejarn på svak varme (ca 3(–4) min. på kvar side med kokeplata på 160 watt). Jønnbrøda skal ikkje krummast, men stablast flate. Dei held seg i ein lukka kakeboks i mange veker.

Galleri

Fotnotar

I våre dagar blir jønnbrød ofte steikte i krumkakejarn
  1. På Røros kan detta førekomma i følgje munnleg opplysning (15.1.2009) frå Bjørn Austigard ved Romsdalsmuseet. Fire andre heimelsfolk frå Ålen og Røros, inkludert Randi Borgos ved Rørosmuseet (15.1.2009) kjenner ikkje til nokon eigen jønnbrødtradisjon i området.
  2. Munnlege opplysningar (15.1.2009) frå Tor Erik Jenstad.
  3. «Klart for jønnbrød-kåring» på nettsidene til Bardu kommune.
  4. Opplysning på telefon frå Husfliden Målselv 15.1.2009.
  5. «Jønnbrødjønn til utlån i Bardu kommune» på nettsidene til Bardu kommune
  6. "Jønnbrødjern" på kommunens nettsider.
  7. Munnleg opplysning (15.1.2009) frå Bjørn Austigard ved Romsdalsmuseet.
  8. 8,0 8,1 8,2 Spangen, Amund: «Jønnbrød, stekbrød, godbrød, avletto — kjært barn har mange navn» i Årbok for Nord-Østerdalen, 1992. ISSN 0333-3140
  9. Side 43 av Målselvmat : tradisjoner og oppskrifter. 2. opplag. Målselv : Målselv kommune, 1997.

Kjelder og litteratur