lokalhistoriewiki.no:Hovedside/Ukas artikkel 2010-52

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Strøm: Kart over Austefjorden 1762.

Austefjorden er både nemninga på inste delen av Voldsfjorden innafor Furneset og eit bygdelag i Volda kommune. Bygdelaget består ifølge den nye Busetnadssoga av dei mindre grendene / skulekrinsane Follabygda, Fyrde, Kalvassbygda (Kalvatn) og Årset. Fyrde er sentrum i bygdelaget mellom anna med Austefjord kyrkje, Austefjord skule og Austefjord Museum, i eige bygg ved skulen. Tidlegare var dette eit halvemål-(alvemål)område og skal ein tru dei munnlege overleveringane var her frå gamalt ei tredeling: Austefjorden (Haustefjårinj), innom Furneset. Inste Austefjorden (Hinste Haustefjårinj), innom Årsetøya. Aller inste Austefjorden (Hallje hinste Haustefjårinj) går frå utløpet av «Mørevassdraget» som startar på Heggjadalen i Nordfjord der Møreelvane renn mot Møre og mot Osdalen, Kalvatn, Langvatn, Fyrde og endar i Pøyten/utløpet av Fyrdselva. Namn i området etter lagerplassar for tømmer (Timbreneset, Timbrebakken) og oppgangsager fortel om fleire hundre år med levering av trevirke. Elvane har vore brukt til å drive sager og kvernar. Ca. 1910 starta arbeidet med Kolfossen, fyrste småkraftverket, og 2010 er dei fleste elvane i bruk til energiproduksjon.   Les meir...