Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-16

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ikornnes sett frå lufta i 1953, til venstre er møbelfabrikken og hjørnesteinsbedrifta Ekornes.
Foto: Ekornes fabrikker

Ekornes ASA er ein møbelprodusent med hovudkontor på Ikornnes i Sykkylven. Selskapet er mest kjent for varemerka Stressless og Svane, og er i 2013 Skandinavias største møbelprodusent. Jens E. Ekornes starta bedrifta i 1934 under namnet J.E. Ekornes Fjærfabrikk.Det fyrste produktet som Ekornnes satsa på, var spiralfjører av metall til stoppmøbelbedrifter. Tidlegare var det Oslobaserte bedrifter som hadde vore einerådande på denne marknaden. For møbelprodusentane på Sunnmøre var det praktisk å få ein fjørleverandør i nærmiljøet.

Når bedrifta hadde tilgang på spiralfjører, var det nærliggande å byrje med produksjon av madrassar. Allereie året etter oppstarten var Jens Ekornes i gang med å lage madrassar under varemerket Svane. Den første madrassen vart vist under ei varemesse i Ålesund i 1935.Les mer...