Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-33

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Det fyrste bedehuset, som sto ferdig i 1892. Teikning av Martin Furseth.

Sykkylven indremisjon er ei misjonsforeining i Sykkylven. Skipingsdatoen til foreininga er 9. desember 1888, og det første styret var samansett slik: Peter O. Eidem, leiar, Sven A. Ullavik, nestleiar, Lars P. Grebstad, skrivar og Nils C. Aure, kasserar. I januar same året kom det i gang ei misjonsforeining i Hundeidvik og året etter fekk dei også misjonsforeining i Velledalen.

Utløysande årsak til at det kom i gang tre misjonsforeiningar i Sykkylven på om lag eitt år, var virket til vekkingspredikanten Paul Gerhard Sand frå Biri. I 1888 var Sand i Sykkylven og tala, mellom anna i sykkylvskyrkja. «Sand stansa berre nokre dagar, men det var lenge nok til at heile bygda kom i rørsle. Det vart ei folkevekking som Sykkylven aldri har sett maken til anten før eller sidan,» skriv Oscar Handeland i boka Vårløysing II.Les mer...