Forside:Austevoll kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Voss • Hardanger
Samnanger • Fusa • Os • Austevoll • Sund • Fjell • Bergen • Askøy • Øygarden

Om Austevoll kommune
1244 Austevoll komm.png
Austevoll kommune er ein øykommune vest i Hordaland fylke. Kommunen ligg i Midthordland, ut mot Nordsjøen, og er elles omgjeven av kommunane Sund i nord, Os i nordaust, Tysnes i aust, og Fitjar og Bømlo i sør. Administrasjonssenteret i kommunen er Storebø, som også er den største bygda. Kommunen har vidaregåande skule, Fiskarfagskulen i Austevoll. Der ligg ei avdeling til Havforskningsinstituttet i Bergen.

I generasjonar har fiske vore den største næringa i kommunen. Sidan 1980-talet har det vore stor vekst i havbruksnæringa og i deltakinga i oljeverksemda. Ein stor underskog av mindre og nødvendige landbaserte selskap har samtidig blitt oppretta. I det same tidsrommet har fartøya i den havgåande fiskeflåten blitt betydeleg større, og i 2014 er kommunen ein av landets største innan oppdrett av laks og i talet på havgåande fiskefartøy.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Øya Lunnøy (utheva) i Austevoll.

Lunnøy er ei øy i Austevoll kommune. Ein finn spor etter menneske frå førhistorisk tid ved at det ligg ein gravhaug der frå yngre jernalder og klebersteinsbrot fleire stader på øya. Dei første skriftlege kjeldene som fortel om busetjinga, er frå 1600-talet. Det har aldri vore fleire enn fire gardsbruk på øya. I 2014 er det to fastbuande att. Fleire fritidsbustader har blitt bygd der dei siste tiåra.

Namnet kjem av norønt hlunnr som betyr lunne eller rund stokk som vart lagt under båten når den skulle dragast på land. Når ein ser øya frå nord, skrår ho austover. Dei runde haugane på austsida liknar lunnar som ligg etter kvarandre oppover eit båtoppdrag.   Les mer …

Første presentasjonsnummer av Marsteinen i mai 1978. Avishovudet er det same i 2014.
Foto: Nils Steinar Våge (2013)
Lokalavisa Marsteinen kom ut med to presentasjonsnummer i 1978 før den første ordinære avisa kom 4. august same året. Avisa er lokalavis for Austevoll kommune i Hordaland. Marsteinen er ei vekeavis som kjem ut kvar torsdag, redaksjonsspråket er nynorsk og utgjevar er Austevoll forlag. Avisa er politisk uavhengig, og er tilknytta Landslaget for lokalaviser. Avisa hadde i august 2013 eit opplag på 2367, og det har halde seg svært stabilt sidan oppstarten. 739 av abonnentane budde i 2013 utanfor kommunen. Avisa har namnet sitt etter kystfyret Marsteinen frå 1877 som ligg ved innseglinga til Bergen og heilt nordvest i kommunen.   Les mer …

Bygdebokforfattar, lyrikar og omsetjar Johan Tufteland.
Johan Tufteland (fødd i Austevoll 28. mai 1913, død i Kvam i Hardanger 25. februar 1998) var fiskar, lærar, lyrikar, omsetjar og bygdebokforfattar. Utdanninga hans var frå Stord lærarskule 1938-1942, Noregs Lærarhøgskule i Trondheim (NTNU) 1949-1950, Sløyd- og teiknelærarskulen på Notodden 1951-1952 og Universitetet i Oslo 1958. Han arbeidde som lærar i Austevoll, i Bergen, i Kvam og på Kvitsøy. Tufteland skreiv både fag- og skjønnlitteratur. Han gav ut kultursoge og tre gards- og ættesoger for Austevoll kommune, tre diktsamlingar og ein roman. Dessutan skreiv han artiklar i aviser og tidsskrift. I tillegg gjendikta han til nynorsk dikt av den amerikanske lyrikaren Emely Dickinson. Fleire av Tufteland sine gjendikta salmar av mellom anna Nikolai Grundtvig er med i Norsk salmebok.   Les mer …

Brørne Kristoffer (til venstre) og Hans Aase var aktive i arbeidet med innføringa av nynorsk i skulen og kommuneadministrasjonen i Austevoll.

Språkskiftet til nynorsk i skulen, kyrkja og den kommunale administrasjonen i Austevoll gjekk offisielt føre seg mellom 1920 og 1980. I 1920 tok sju skulekrinsar i bruk nynorsk som opplæringsspråk, og åtte gjekk over til nynorsk mellom 1929 og 1939. Austevoll fekk tilført tre nye skulekrinsar frå Fitjar kommune etter kommuneendringane frå 1964. Den eine av krinsane tok i bruk nynorsk i 1929, dei to andre i 1936. Innanfor dagens kommunegrense var det 19 skulekrinsar, og i denne framstillinga er dei tre tidlegare Fitjar-krinsane førebels så vidt nemnde her. Kommuneadministrasjonen tok i bruk nynorsk i 1933, medan eit mangeårig ordskifte i kyrkja enda med at den nynorske liturgien kom i bruk i 1980.

I 1886 vart Austevoll skilt frå Sund kommune. Fram til 1951 var kommunen delt i to soknekommunar, Austevoll og Møkster, med Austevoll som hovudsokn. Soknene hadde eigne soknestyre som mellom anna avgjorde innføring av nynorsk som opplæringsmål. Soknestyra hadde felles møte om saker som gjaldt heile kommunen.   Les mer …

Austevoll kyst- og sogelag vart stifta i mars 1992 i Austevoll i Hordaland. Kystlaget ønskjer å gje nytt liv og ny kjennskap til eldre båtar og byggverk i Austevoll. Dei er aktive og synlege i kommunen gjennom seglkurs, regatta, utflukter, framsyningar og temadagar. Laget er medlem av Forbundet KYSTEN og har rundt 50 medlemmer.   Les mer …

Nordsjøløypa («vandringsvegar i kulturlandskapet») i Hordaland er eit nettverk av merkte turstigar i kystkommunane Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Austevoll, Sund, Fjell, Øygarden og Fedje. Kommunane Sund, Fjell og Øygarden har i tillegg sett i gang prosjektet Perler i Nordsjøløypa, som har fokus på verdiskaping, kulturminne og kunst langs Nordsjøløypa.   Les mer …
 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Austevoll kommune
ingen underkategorier
 
Mest lest