Forside:Sunnmøre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Sunnmøre
Kart over Sunnmøre, med Nordre og Søre Sunnmøre markert.

Sunnmøre er den delen av Møre og Romsdal fylke som ligger lengst sørvest. Tidligere var dette Søndmørs fogderi. Sammen med de to landskapene og tidligere fogderiene Romsdal og Nordmøre danner Sunnmøre fylket Møre og Romsdal. Landskapets natur domineres av mange øyer, Sunnmørsalpane og lange og trange fjorder (blant annet Geirangerfjorden som befinner seg på UNESCOs verdensarvliste).   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Nedre Ekset.
Foto: Francis Bull
Nedre Ekset, frå Ålesund og Sunnmøre, utg. Kjenn Ditt Land 1930.

Nedre Ekset er eit gardsbruk på matrikkelgarden Ekset i Volda kommune. Det ser ut til å ha vorte utskild frå det gamle hovudbølet Øvre Ekset på 1600-talet. Garden er særleg kjend gjennom lensmannen og folkeopplysaren Sivert Aarflot (1759–1817), som kjøpte han i 1798. Då hadde garden lenge vore lensmannsgard, og han har òg vore kapteinsgard.

Sivert Aarflot starta Aarflots prenteverk, det første prenteverket på landsbygda i Noreg, på Ekset i 1809. Minne frå den tida er samla i Sivert Aarflot-museet på Nedre Ekset.

I 1844 brann husa på Nedre Ekset. Eigaren Rasmus Sivertsson Aarflot og sønene var ikkje heime, så det var få folk til å sløkkje. Bok- og kartsamlinga til Sivert Aarflot gjekk tapt i brannen. Tunet vart bygd opp att av sonen Morits Andreas Rasmusson Aarflot, som tok over garden i 1845.   Les mer …

Kart over indre del av Austefjorden
Løfoll notlag var eit notlag i Austefjorden i Volda kommune. Notlaget (Løfoll bruk 66/2) hadde ei landnot. Eigarar: Sivert E. Løfoll og sønene Sverre og Erik bruk 66/4. Fyrst brukte dei nota frå ein stor færing, truleg bygd av Rasmus Høydalsvik (truleg den yngste av Rasmus-ane. Der var ikkje mindre enn tre samtidige Rasmus Høydalsvik som bygde båt samtidig ei tid i Vikane). Sigurd Løfoll fotel at då han kom flyttande til Folla saman med foreldre og syskjen i 1944, var nota der, men han veit ikkje kor lenge den hadde eksistert då.   Les mer …

Ivar Andreas Nordang.
Foto: Hentet fra Studenterne fra 1877 (1902)
Ivar Andreas Nordang (født 26. september 1856 i Hjørundfjord i nåværende Ørsta kommune, død 13. februar 1933) var jurist. Han var sorenskriver i Vardø, senere i Nordfjord, før han avsluttet sin yrkeskarriere som sorenskriver i Tune ved Sarpsborg. På 1890-tallet var han dessuten ordfører i Vardø. Ivar Andreas Nordang var sønn av gårdbruker Peder J. Nordang (1798-1870) og Anne Ingeborg Stennæs (1811-1891). Han var først gift, i 1886, med Louise Charlotte Kåsbøll (1864-1890), deretter, i 1891, med Andrea Monsen (1868-1896), og til sist, i 1898, med Betty Klæboe (1868-1953).   Les mer …

Ikornnes sett frå lufta i 1953, til venstre er møbelfabrikken og hjørnesteinsbedrifta Ekornes.
Foto: Ekornes fabrikker.
Ikornnes er ei grend på sørsida av Sykkylvsfjorden i Sykkylven kommune. Denne sida vert gjerne kalla Sørestranda. Fram til 1930-åra var kulturlandskapet heilt dominert av gardsbruk der det vart drive landbruk. Spreidde næringstiltak utanom landbruket var her heilt frå starten av det førre hundreåret. I 1904 kom Johan O. Erstad i gang med møbelfabrikk ved Ekornes-elva. Når Johan flytte frå Erstad til Ikornnes, var det fordi det var isfri hamn her og fordi han fekk tilførsel av stabil vasskraft frå elva.Kaia på Ikornnes vart tidleg eit lokalt sentrum. Her var det landhandel og skipsekspedisjon. Buda var elles tilhaldsstad for ulike verksemder, mellom anna Strømpefabrikken AS som dreiv tilverking av strømper frå 1919 til 1925.Heilt avgjerande for utviklinga av Ikornnes vart etableringa av J.E. Ekornes Fjærfabrikk i 1934. Jens E. Ekornes hadde vore både på Stranda og i Ørsta og arbeidd i møbelverksemder. I 1934 såg han at det var ein marknad for møbelfjører som han byrja å produsere i eit toetasjes trehus ved strandkanten på Ikornnes.   Les mer …

Høydølen på prøvetur i 1950.

MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.

Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.

Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg.   Les mer …

“... Bordene fra Forstevnen løbe skraas opad mod Midten, hvor de alle støde sammen ...” (Frå «Om de forskjellige Slags Baade i Norge» av Carl Frederik Diriks)
Ein snidbetning er ein sunnmørsbåt som (i motsetnad til beingangarar) har mange innskøytte renningar i fremre del av botnen og halsane. Ved at bordgangane blir skjerva til to framom mastra blir det mogleg å ha ein brei, berande framende samtidig som atterenden er smal og slepper sjøen lett når ein seglar unna vêret — og alt dette med bord av moderate dimensjonar. Største svakheita ved denne konstruksjonen er at dei mange skjervingane nær same punktet gjev større risiko for lekkasje eller til og med at båten brotnar. Årsaka til at ein begynte å byggje sunnmørsbåtane som snidbetningar er ikkje heilt sikker. Ein hypotese er at det er ei tilpassing til dårlegare emnetilfang etter at mykje av sunnmørsskogen vart uthogd under hollendartida, som for Sunnmøre sin del varte frå 1500-talet og litt innpå 1600-talet. Ein annan hypotese, som ikkje nødvendigvis står i motsetnad til den første, er at snidbetningane kom til med overgangen frå eldre daudhoggingsteknikk til nyare vekt på sagde bord og meir bøyging heller enn tilhogging å gjere.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnmøre
 
Andre artiklar