Løparane gjer seg klare til start i Konradløpet 2024. Foto: Eldar Høidal (2024)
Konradløpet er eit løp som vert arrangert i Velledalen i Sykkylven kommune for å ære minnet etter Konrad Brunstad (Mons-Konrad 1910-2000). Arrangør er Velledalen Idrettslag (VIL). Konrad Brunstad byrja å trene då han var i 70-åra, etter at han hadde observert fenomenet ”jogging” i USA. Han deltok ved fleire høve i Ålesund halvmaraton – også etter han hadde passert 85 år. Konrad likte best å trene tidleg om morgonen, då lufta var reinast. Difor startar Konradløpet klokka 05.00. (05.15 etter 2022) Ei av dei faste treningsløypene hans var runden frå Brunstad til Hole og tilbake, akkurat der Konradløpet går. Les mer …
Garden Straumsheim i 2015. I bakgrunnen ser vi litt av tettstaden Straumgjerde.
Straumsheim er ein gard ved tettstaden Straumgjerde i Sykkylven. Per 2015 har garden fire hovudbruk og fleire plassar. Det er ikkje noko byggjefelt knytt til garden, men nokre få hustomter er skilt ut og utbygde med private bustadhus. På Straumsheim er det også eit industrifelt. Noko sjøgrunn vart utskilt og fylt ut kring 1970. Her har det vore både møbelproduksjon, glasmeisterverksemd, bilverkstad, transportverksemd og produksjon av utstyr for marin næring. Bygdavegen gjekk tidlegare gjennom Straumsheim-tunet. Tidlig i 1970-åra vart vegen lagt om, og han går no rett i overkant av industriområdet. Rett overfor garden ligg det over 1000 meter høge Straumshornet som stengjer noko for morgonsola. Midtsommars slepp solskinet ned til garden ved ½ 8-tida. Garden har eit sentralt lægje, og tuna ligg frå 100 til 200 meter frå hovudvegen. Les mer …
Edvard Drabløs les Ivar Aasens brev og dagbøker. Foto: Leif Ørnelund
Edvard Drabløs (fødd 1. april 1883 i Sykkylven, død 27. april 1976 i Oslo) var skodespelar, fødd og oppvaksen på Dravlaus i Velledalen, Sykkylven kommune. Foreldra var Jens Helgesen Drabløs (1856–1925) og Olave Velle (1852–1917). Edvard Drabløs vart i 1920 gift med Astrid Peersen (1895–1979). Edvard Drabløs var i nesten heile sin karriere ein av hovudkreftene ved Det Norske Teatret, som han hadde vore med å grunnlegge. Drabløs var æresmedlem i Norsk skuespillerforbund, fekk Statens kunstnarløn frå 1959 og vart riddar av St. Olavs Orden i 1953. Les mer …
Ungdomshuset Vårvon feira i 2012 100-årsjubileum. Ungdomshuset Vårvon ligg i Straumgjerde i Sykkylven kommune. Huset vart bygd av Ungdomslaget Samhald, med Ole Ingebrigtsen Strømme og Hans Tandstad blant drivkreftene. Vårvon vart innvigd i 1912, og gjennom fleire tiår var bygningen det einaste samlingshuset i Straumgjerde. Fram til første byggjesteg på nyeskulen stod ferdig i 1955, var det ikkje noko anna lokale som kunne samle bygdefolket under større arrangement. Først tretten år seinare vart gymnastikksalen på skulen bygt. Om lag på same tida kom bedehuset.
Etter kvart som det nye fjernsynsmediet tok meir og meir av merksemda til folk, vart det vanskelegare å få friviljuge til å aktivisere seg i lagsarbeidet, ja, også å få dei til å stille som publikummarar når det vart skipa til grendafestar eller kinoforestillingar. Kring 1980 var det likevel nokre ungdomar som bles nytt liv i laget. Jarle Strømmegjerde var ein av drivkreftene. Då han gjennom lokalavisa i september 1983 inviterte straumgjerdingane til grendafest, var det nettopp fjernsynet han såg på som den hardaste konkurrenten. I følgje Strømmegjerde hadde likevel ein grendafest meir å fare med enn aktørane i den amerikanske såpeserien Dynastiet. Les mer …
Ingmar Relling. Foto: Ukjent; faksimile fra Mannila (1996):God form i Norge.
Ingmar Relling (fødd 8. april 1920 i Sykkylven, død 9. april 2002) var ein av nestorane blant norske møbelindustridesignerar. Han tok diplomutdanning ved Kunst- og handverksskulen i Oslo i 1947. Fram til 1950 arbeidde han ved arkitektkontoret som broren, Adolf Relling, dreiv i hovudstaden. I 1950 flytte han tilbake til Sykkylven. Dei neste åra veksla han mellom arbeid som interiørarkitekt og møbeldesignar. Frå 1960 kunne han konsentrere seg om det han likte aller best, utvikling av kvalitetsgode møblar for folk flest. Les mer …
Ikornnes sett frå lufta i 1953, til venstre er møbelfabrikken og hjørnesteinsbedrifta Ekornes. Foto: Ekornes fabrikker
Ekornes ASA er ein møbelprodusent med hovudkontor på Ikornnes i Sykkylven. Selskapet er mest kjent for varemerka Stressless og Svane, og er Skandinavias største møbelprodusent. Jens E. Ekornes starta bedrifta i 1934 under namnet J.E. Ekornes Fjærfabrikk.Det fyrste produktet som Ekornnes satsa på, var spiralfjører av metall til stoppmøbelbedrifter. Tidlegare var det Oslobaserte bedrifter som hadde vore einerådande på denne marknaden. For møbelprodusentane på Sunnmøre var det praktisk å få ein fjørleverandør i nærmiljøet.
Når bedrifta hadde tilgang på spiralfjører, var det nærliggande å byrje med produksjon av madrassar. Allereie året etter oppstarten var Jens Ekornes i gang med å lage madrassar under varemerket Svane. Den første madrassen vart vist under ei varemesse i Ålesund i 1935. Les mer …
|