Stamstadgardane (Sygard og Nordgard) i Lom ca. 1880-1890. Tunet på Nordgard lengst borte. Der var mannen til Rønnaug fødd og oppvaksen, og ekteparet budde der iallfall periodevis. Kor lenge dei levde, og kvar dei døydde, er ikkje bringa på det reine. Foto: Axel Lindahl/Galleri NOR, Nasjonalbibliotekets biletsamling.
Rønnaug Jonsdotter Frisvoll (Andvord) (fødd i Lom 1812, død 16. mars 1900 på Østre Toten) var jordmor. Ho var fødd og oppvaksen på Systugu Frisvoll i Garmo sokn, der foreldra var gardbrukarar. Foreldra var Jon Pålsson Frisvoll (1781-1853) og Rønnaug Ivarsdotter frå Sygard Aukrust (1790-1869). Rønnaug var nummer to i ein syskenflokk på fem.
Rønnaug vart tilsett som jordmor i Lom i 1849. Til da hadde det vore berre ei «eksaminert» jordmor i heile det store Lom prestegjeld og herad (nåverande Lom og Skjåk kommunar). Det var Magnhild Sperstad, som budde i Skjåk. Rønnaug skulle ha 20 spesidalar årleg i jordmorstillinga.
Rønnaug Frisvoll gifta seg i godt vaksen alder i 1859. Brudgommen var 18 år yngre. Det var Tosten Pålsson Andvord (fødd 1830), son av lensmann i Lom Pål Tostensson Andvord (1795-1863) og kona Torø Sevaldsdotter frå garden Kjæstad, som også ligg i Lom (1806-1896). Pål og Torø Andvord åtte og dreiv garden Nordgard Stamstad, der Tosten hadde vakse opp. Han var odelsgut, og hadde overteke farsgarden i 1850, men dreiv han berre eit års tid da han selde den att. I åra 1859-1863 var Nordgard Stamstad ått og driven av yngste bror til Tosten, Richard Andvord, som rett etter dette vart handelsborgar i Christiania og grunnla det kjende papirfirmaet med hans namn. Les mer …
Tea Kummen 1954. Utsnitt av familiebilete. Foto: Ukjent
Tea Kummen (fødd i Skjåk 17. august 1893, død same stad 30. januar 1979) var lærar og barnebokforfattar. På ein nokså markant måte braut ho med kjønns- og alderskonvensjonar i si samtid, mellom anna ved at ho tok snikkarutdanning da ho var 60 år gammal. Ho gjekk sterkt inn for målsaka, og var ein betydningsfull aktør i språkskiftet til nynorsk i Skjåk.Fagutdanninga fekk Kummen ved lærarskulen på Hamar og med eit års vidareutdanning på Noregs lærarhøgskule. Fyrste lærarstillinga si hadde ho i Fåberg i 1915. Deretter var ho tilsett ved Marlo skule i Skjåk frå 1916 til 1944. Ho underviste mest i småskulen på 3. og 4. klassetrinn.
Den fyrste barneboka, Villvuru, kom ut i 1931. Les mer …
«Hov engeland» (Dagsgardsøygards- og Åbusgardane) i Skjåk, fotografert frå Plasskvea (frå nord mot søraust) i november 2010. Nordberg kyrkje litt til høgre for midten av biletet. Foto: H.P.Hosar
Dagsgardsøygarden (gnr. 93) er ein matrikkelgard i Skjåk, i grenda Øygardane i Nordberg sokn. I matrikkelen heiter garden Hov engeland. Det namnet dukkar opp i kjeldene på 1600-talet, og kan vere ein indikasjon på at staden har ei busetjingshistorie som går attende til førkristen tid. «Dagsgardsøygarden» er eit mykje nyare namn, truleg teke i bruk rundt 1800. Det namnet vitnar likevel om tilhøve som går attende til øydetida etter Svartedauden 1350. Det var øydegarden som vart nytta av Dagsgard.
I aust grensar matrikkelgarden mot Hovkvea, som er skilt ut frå Uppigard Skjåk, og mot ein skogteig som framleis tilhøyrer den garden på Skjåkstronda. I vest går grensa mot gnr. 94 Nyhus (Plassen i lokal daglegtale) og gnr 95 Stubbesletten (Søre Bysjet) og mot Skjåk Almenning eller bruk som er skilde ut frå ålmenninga. I sør grensar Dagsgardsøygarden mot snaufjellet og i nord mot storelva Otta. Les mer …
Nils Grotnes ca. 1950. Foto: Ukjent Nils Jørgen Kornelius Grotnes (fødd i Nord-Rana 25. februar 1890, død 5. april 1961) var lærar og skulestyrar. Mest er han kjend som styrar for framhaldsskulen i Sel i Gudbrandsdalen i fleire tiår, og for å ha grunnlagt og styrt realskulen i bygda. Han var elles aktiv i offentleg styre og stell og i organisasjonslivet, ikkje minst kva gjeld ideelt ungdomsarbeid. I ei studentjubileumsbok karakteriserer han si eiga livsorientering i Christopher Bruuns ånd: «Kristeleg nasjonal (norskdom og kristendom)». Han var blant pådrivarane for å få inn nynorsk som skulemål i Gudbrandsdalen i 1930-åra. Politisk orienterte han seg mot Arbeidarpartiet. Han var aktiv i den sivile motstanden mot okkupasjonsregimet 1940-1945. Les mer …
Johannes Skar, som dreiv den fyrste friskulen i Gausdal. Foto: 1864 (Frå Maal og Minne 1914)
Friskulane i Gausdal var private barneskular drivne i folkehøgskulens ånd, jf. utdjupande artikkel om friskulane. Det var tre slike i Gausdal. Den fyrste var driven av Johannes Skar i dei to skuleåra 1871-1873. Den andre var Olav Åsmundstad sin skule som heldt på frå 1873 til 1891 med eit par avbrot. Det var direkte kontinuitet mellom Skars og Åsmundstads skular. Til desse kom den friskulen som Ivar Blekastad dreiv i tjueårsbolken 1875-1895. Alle dei tre lærararane hadde gått på folkehøgskulen til Christopher Bruun i Sel, og friskulane vart drivne etter prinsipp sterkt påverka av grundtvigianismen og Bruuns idear. Det var dessutan eit tett hopehav mellom dei tre friskulelærarane og Bruuns folkehøgskule i same bygda. Les mer …
|