Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Norddal kommune er ein tidlegare kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Han grensa til Stordal i nordvest, Rauma i nord og aust, Skjåk i søraust og Stranda i sør og vest. Kommunen var i 2019 den einaste i Møre og Romsdal som har hatt uendra grenser sidan opprettinga i 1837/1838. Administrasjonssenteret Sylte var sentrum i den einaste tettstaden i kommunen, Valldal. Den 1. januar 2020 var Norddal og Stordal kommunar slått saman til nye Fjord kommune.
Husdyrbruk, hagebruk og fruktdyrking er viktige næringsveger. Kommunen har kring 80 % av fruktarealet i Møre og Romsdal, med vekt på eple og pære. Norddal har óg halvparten av bærarealet. I industrien er det mest møbel- og trevareindustri. Tidlegare har olivin vore utvinna i Tafjord, men drifta er nedlagd. Les mer ...
Smakebitar fra artiklar
Lovise Heggen
Foto: Johan J. Nerbøvik
Lovise Heggen (fødd 17. mars1893 på Heggen i Valldalen av foreldra Gurine Ingebriktsdtr. og Mons Ellingss. Heggen, som nr fem av fjorten sysken. Ho vart konfirmert i Norddal i 1908 med karakteren «Næsten udmerket godt».
Lovise Heggen tok eksamen ved Volda lærarskule i 1914 og hadde deretter stillingar ved Arendal, i heimbygda Valldalen og tre år i Narvik. I 1930 tok ho embetseksamen ved Universitetet i Oslo med hovudfag i norsk og sidefaga historie og engelsk. Deretter vart ho lektor ved Volda lærarskule fram til 1957. Ho bygde seg hus i Kårstavegen nr. 12 i 1937 og bude der til ho døydde.[1].
Lovise Heggen var sosialist og var med på etableringa av Volda Arbeidarlags kvinnegruppe i 1937, same året som ho vart vald inn i heradsstyret. Ho var sterkt religiøs, og vart medlem av Oxfordrørsla. Lærarskulen vart eit sentrum for denne rørsla. Ho var òg pasifist, og markerte seg ved å gå i mot hjelpa til Finland i februar 1940. Det fekk ho «skarpe hogg» for. Les mer …
Utsyn over Danskehytta og Heimste Vikvatnet i 2008.
Danskehytta er ei sjølvbetjent turisthytte tilhøyrande Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST). Hytta ligg på 1450 meter over havet ved Heimste Vikvatnet i Norddal kommune, og vart bygd for midlar som danske medlemer samla inn som gåve til 125-årsjubileet til Den Norske Turistforening i 1993. DNT bestemte å gje midla vidare til ÅST. Også dronning Margrethe var aktivt med i innsamlingsarbeidet, og hytta fekk derfor namnet Danskehytta. Les mer …
Reinheimen er ei nyare nemning på eit fjellområde som i grove trekk er avgrensa av Ottadalen i sør, Lesjadalføret i nord og Tafjordfjella i vest. Namnet Reinheimen vart først nytta av fjelloppsynsmann Olaf Heitkøtter i ei bok frå 1970-talet. Tidlegare hadde ikkje området noko felles namn.
Det er mange minne etter den gamle villreinfangsten i området; dyregraver (fangsgroper) og massefangstanlegg. Les mer …
Elias og Sigrid Hoel.
Elias Thoresen Hoel (født 15. januar1859 i Valldal, Norddalen prestegjeld på Sunnmøre, død i Harstad26. april1921) var handelsmann i Harstad. Elias var sønn av Thore Thoresen Hoel og Margrethe Ingebrigtsdatter Alstadsæter fra gården Hol (Hoels-Bakken) i Valldal på Sunnmøre. I en meget tidlig alder, 17-18 år, bega Elias Hoel seg i vei nordover, lokket av de rike sildefiskeriene der. I 1877 befant han seg i Hammerfest med varelageret og butikken på ryggen. Under sitt noe slitsomme omstreiferliv var Elias Hoel stadig på utkikk etter et høvelig sted for fast handelsvirksomhet, og i Harstad øynet han muligheten. Les mer …
Gruppa skulle organisere motstandsgrupper og førebu jernbanesabotasje. Natta mellom 5. og 6. januar 1945 sprengte dei Stuguflottbrue etter ein strabasiøs marsj i djup snø og sterk kulde frå basen dei hadde i Veltdalen om lag 25 km inne i fjellområdet. Sprengninga var vellykka og blokkerte den tyske jernbanetrafikken i 19 dagar. På bildet kan ein sjå reparasjonen etter sprenginga. Les mer …