Gunnar Skotte utanfor produksjonslokala til Sykkylven Sportsforretning i 1939. Eigar av biletet er Reidar Skotte.
Gunnar Lorentz Skotte (fødd 16, august 1919 i Borgund, død 19. januar 2010 i Stranda) var ein sykkelprodusent, handelsskulelærar og rektor frå Sykkylven. Det var Skotte som stod bak etableringa av Sykkylven Sportsforretning i 1937. Hovudaktiviteten til verksemda var dei første åra produksjon av syklar. Alt etter eit par års drift var årsproduksjonen komen opp i om lag 150 syklar. Gunnar Skotte var son til styraren av Sykkylven Handelslag, Edvard Skotte. Mora, Olivia, dreiv Sykkylven Hotell på Aure, og der budde også familien ei tid. I 1933 flytte dei til Fauskebygda der borna i familien fekk meir tumleplass. Det viste seg snart at Gunnar var ein gut med uvanleg tiltak og virkelyst. Alt då han gjekk i folkeskulen, tok han brevkurs i hagedyrking og prøvde ut dei teoretiske kunnskapane på jordlappen dei hadde ved bustaden. Han laga drivbenkar der han dyrka fram blomster og kålplanter. Han dyrka også kål på hyttetomta dei hadde ved Andestadvatnet, og på eit jordstykke han leigde i Kagholen. Les mer …
Karstein Oddmund Vik med studentlue. Foto: Ukjent Karstein Oddmund Vik (fødd 24. oktober 1919, død 26. desember 2003) var ein arkitekt og oppdrettspioner frå Sykkylven. Etter framhaldsskule og middelskule på Sjøholt og i Volda byrja han på toårig gymnas på Nordfjordeid. Han bestemte seg tidleg for at han ville bli arkitekt, sjølv om det var få som den gongen visste kva ein arkitekt var. Det var smått med midlar i heimen, men foreldra, Klaus og Anna Vik, hjelpte til som best dei kunne. Med lån og eige inntektsbringande arbeid gjennomførte han arkitektstudiet ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim. I 1942 tok han eit opphald i studiet og reiste tilbake til Sykkylven. Her kom han i gang med ein armaturfabrikk, INO, saman med slektningen Haldor Vik. I 1943 vart han gift med Borgny Liv Digernes frå Ørsta. Med dottera Anita, som vart fødd i 1945, reiste dei til Trondheim i 1947 så han kunne fullføre arkitektutdanninga. Møbelprodusenten Jens E. Ekornes i Sykkylven gav han i oppdrag å teikne fabrikk på Ikornnes, og med dette arbeidet og nokre andre mindre jobbar finansierte han siste del av studiet. Les mer …
Det herskaplege huset som Erstad sette opp til seg i 1914. Hans Fredrik Erstad (fødd på Erstad i Sykkylven 12. desember 1868, død 1918) gjekk i velmaktsåra sine under namnet «Sandkongen». Han slo seg opp på sal av mursand i samband med gjenreisinga av Ålesund etter brannen i 1904. På grunn av den nære avstanden til Ålesund var Sykkylven ein framifrå plass for slik verksemd. Dette var også ein kommune med gode og lett tilgjengelege sandforekomstar. Som på Erstad. Ikkje berre trong dei sand til attreisinga av Ålesund. Dei trong også kalk og teglstein. Teglstein fekk dei frå Aure Teglverk og kalk og sementstein frå anlegget til Heinrich Schmidt på Blindheim.
Hans Fredrik Erstad var ikkje den første som selde sand frå Erstad, fortel Fredrik Drabløs som har skrive ein artikkel om Sandkongen. Det skal ha vore Petter Erstad som var pioneren på dette feltet. Hans Fredrik kom i gang litt seinare, men han var nok den beste forretningsmannen av dei to. Han gav kjøparane gode prisar slik at dei ønskte å handle med han. Hans Fredrik Erstad skal ha vore heilt nede i ein pris på 10 øre pr hektoliter sand. Les mer …
Det fyrste bedehuset, som sto ferdig i 1892. Teikning av Martin Furseth.
Sykkylven indremisjon er ei misjonsforeining i Sykkylven. Skipingsdatoen til foreininga er 9. desember 1888, og det første styret var samansett slik: Peter O. Eidem, leiar, Sven A. Ullavik, nestleiar, Lars P. Grebstad, skrivar og Nils C. Aure, kasserar. I januar same året kom det i gang ei misjonsforeining i Hundeidvik og året etter fekk dei også misjonsforeining i Velledalen.
Utløysande årsak til at det kom i gang tre misjonsforeiningar i Sykkylven på om lag eitt år, var virket til vekkingspredikanten Paul Gerhard Sand frå Biri. I 1888 var Sand i Sykkylven og tala, mellom anna i sykkylvskyrkja. «Sand stansa berre nokre dagar, men det var lenge nok til at heile bygda kom i rørsle. Det vart ei folkevekking som Sykkylven aldri har sett maken til anten før eller sidan,» skriv Oscar Handeland i boka Vårløysing II. Les mer …
|