A/S Eidefoss

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

A/S Eidefoss vart stifta på Victoria hotellLillehammer 5. mai 1916 under namnet Eidefos Kraftanlæg Aktieselskap. Hovedaksjonær var Eystein Søberg frå Lillehammer, som teikna 40 av dei 160 aksjane i selskapet. Han hadde kjøpt fallrettane i Eidefossen i Ottavassdraget og skulle òg vere disponent.

Første del av utbygginga skulle omfatte eit aggregat på 600 hk med liner til Vågåmo og Otta og skulle koste kr 240.000. Men det vart mykje dyrare på grunn av verdskrigen og den sterke prisauken, så alt i februar 1917 var overslaget kome opp i kr 650.000 og den endelege kostnaden vart 1,3 mill. kr. Da var selskapet konkurs.

Men anlegget kom i stand, og alt 20. desember 1917 starta kraftleveringane. Etter ein komplisert bubehandling overtok Vågå kommune og firmaet Østlandske Stenexport buet i 1919 med ein halvpart kvar og innløysingsrett for Vågå kommune til aksjane til Østlandske. Denne eigarstrukturen og selskapsforma stod ved lag heilt i 1978.

Selskapet fekk alt i 1925 avtale om kraftleveranse til Dovre kommune og Dovrebanen. Elles leverte Eidefoss dei føste tiåra til Vågå og Sel kommunar. Mot slutten av trettiåra skaut elektrifiseringa fart, og selskapet søkte på slutten av 1938 om støtte til å elektrifisere heile Lesja kommune og Lom kommune utanom Bøverdalen. Materiell og utstyr til dette arbeidet vart innkjøpt hausten 1939 og avslutta året etter utan alvorlege komplikasjonar i samband med krigsutbrotet. Bøverdalen fekk kraft i 1949 og året etter det meste av utkantane i alle kommunane. Dermed var det forsyningsområdet som framleis gjeld etablert.

I 1978 kom dei andre kommunane inn som medeigarar, framleis med Vågå med 50 %. I 1990 selde Vågå 30 % av sine aksjar slik at dei fem eigarkommunane kvar fekk ein post på 20 %.

Kjelder