Audun Einbu

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Audun Einbu

Audun Einbu (fødd 25. juni 1928 i Lesja død 6. mai 2002) var lærar, målmann og ihuga lokalhistorikar. Han var medredaktør for Årsskrift for Lesja historielag frå 1989 og eineredaktør frå 1990 til og med 2001. Audun var først lærar i Rånå og Einbu skulekretsar og frå 1966 til 1978 i Lesja. Han var ein framifrå pedagog som utvikla eigne hjelpemiddel i undervisninga. Han engasjerte seg i arbeid for 4H og i det frilynde ungdomslagsarbeidet.

Audun vart etter kvart sterkt rørslehemma og laut m.a. sitje i rullestol, men han let seg ikkje stoppe for det. Han var ein av dei første i Lesja til å ta i bruk personleg datamaskin (PC), midt på 1980-talet, sjølv om han måtte bruke ein blyant som han heldt med båe hendene når han trykte på tastaturet. Med det utstyret omsette han fleire lokal- og regionalhistoriske bøker frå bokmål til nynorsk og leverte diskettar til trykkinga.

Audun hadde ein omfattande produksjon av artiklar til historielagsårsskriftet (sjå innhaldslista). Han var òg aktiv språkkonsulent for arbeidet med Bygdebok for Lesja og i Lesja dialekt og mållag.

Audun fekk kulturprisen for Lesja i 1992, og i 2001 vart han òg utnemnt til æresmedlem i Lesja historielag. Han var gift med Oleanna (Janna) Løkken frå Sel.

Litteratur