Gáhkko

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gáhko i pitesamisk tradisjon.
Foto: Olve Utne (2015).

Gáhkko (lulesamisk/pitesamisk) er ein samisk brødtype som tradisjonelt er laga av gjærdeig (tidligare surdeig) og utbaka til runde, halvtynne kaker som gjerne blir prikka før dei blir steikt på panne eller i steikeomn. Gáhkko blir gjerne servert saman med samisk tradisjonsmat som suovasbærrgo (røykt reinkjøtt) eller bidos (kjøttsuppe av rein). Det er vanleg å smakssette gáhko med anis, fennikel eller eventuelt kvann.

Namn

Ordet gáhkko er eit lånord frå urnordisk *kakō, som òg er opphavet til norrønt kaka (nominativ) / kaku (akkusativ/dativ/gen.) og moderne former som kaka, kaku, kak(e) osv. på norsk og svensk. På samiske språk er desse formene vanlige: 

språk eintal fleirtal
nominativ genitiv nominativ
sørlig sørsamisk (rørossamisk) gaahka gaahkan gaahkah
sentral og nordlig sørsamisk gaahkoe gaahkoen gaahkoeh
umesamisk gáhkkuo gáhkuon gáhkuoh
pitesamisk gáhkko gáhko gáhko(h)
lulesamisk gáhkko gáhko gáhko
nordsamisk gáhkku gáhku gáhku
skoltesamisk

Bildegalleri

Kjelder og lenkjer