George Sinclair

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
George Sinclair sitt gravminne ved Kvam gamle kyrkjegard.
Foto: Arnfinn Kjelland (2009).
Sinclairstøtta ved Kringen.
Foto: Marthinius Skøien (1880-åra).

George Sinclair (fødd kring 1575 i Skottland, død 26. august 1612 i Sel) var kaptein i det såkalla skottetoget under Kalmarkrigen. Han reknast ofte som leiar for dei skotske leigesoldatane, men eigentlig ved det oberstløytnant Alexander Ramsay som hadde kommandoen.

Vi veit at faren var ein David Sinclair, men kjenner ikkje mora sitt namn. Farfaren var John Sinclair lord Caithness, den siste jarlen frå Sinclairætta på Orknøyane.

Under Kalmarkrigen leigde Gustav II Adolf inn soldatar frå fleire land, mellom anna Ramsay sin tropp frå Skottland. Dei gjekk i land på Klungnes i Romsdalen, og skulle marsjere ned Gudbrandsdalen og så mot Stockholm. Det var òg ei annan skotsk avdeling som var på veg mot Stockholm etter å ha gått gjennom Stjørdalen. Eigentleg hadde dei ikkje lov til å vere i svensk tenest, for kong James av England og Skottland hadde forbode dette. Han var nemleg gift med Anne av Danmark, syster til kong Christian IV, og ville ikkje at hans undersåttar skulle kjempe på svensk side mot Danmark-Noreg.

Då det vart kjend at ein skotsk hær på kring 300 mann var på veg opp Romsdalen mobiliserte bøndene i Gudbrandsdalen for å møte dei ved Kringen rett sør for Otta. Dei klarte å fange skottane i eit bakhald og nedkjempa dei. George Sinclair vart skoten under slaget. Etter tradisjon vart han treft av ein sølvknapp som bonden Bergon Segalstad frå Ringebu hadde nytta som kule i børsa si. Dei overlevande vart tatt til fange, og dei fleste av dei vart drepne dagen etter.

Sinclair vart gravlagd like utafor muren til Kvam stavkyrkje. Gravminnet som vart reist seinare står framleis ved den gamle kyrkjegarden. Det vart òg reist ei minnestøtte ved Kringen i 1912, som seinare vart flytta ned til E6. Denne er kjend som Sinclairstøtta.

Edvard Storm skrev seinare Sinklarvisa - «Sinklar» er ei vanleg norsk skrivemåte for namnet. I Rauma kommune har ein sidan 2002 hatt eit historisk spel på Sinclair-festivalen. Verthuset SinclairKvam har namn etter George Sinclair.

Litteratur