Hemne prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Trondhjems Stift / Nidaros bispedømme (med grenser frå føre 1983) som viser kvar Hemne prestegjeld låg.

Hemne prestegjeld, fram til 1918 skrive Hevne prestegjeld, var eit prestegjeld i Orkdal prosti i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Hemne prestegjeld, som vart frådelt Hitra prestegjeld ved reskript av 5. desember 1765, dekte dei daverande kommunane Hemne og Snillfjord og hadde fire sokn: Hemne, Vinje, Heim (frå 1884) og Snillfjord (frå 1899). Gardane Bjørnslia, Ljøsevollen og Lillehaugen, som tidlegare høyrde til Rindal prestegjeld, vart lagt til Vinje sokn av Hemne prestegjeld ved kongeleg resolusjon av 4. desember 1862.[1]

Med avviklinga av prestegjelda i 2000-åra vart Hemne prestegjeld erstatta av Hemne kyrkjelege fellesråd (Hemne, Heim og Vinje sokn) og Snillfjord kyrkjelege fellesråd (Snillfjord sokn); og frå 2020 Heim (Hemne, Heim, Vinje) og Orkland (Snillfjord).

Sokn

Hemne sokn

Den noverande kyrkja i Hemne sokn vart innvigd den 29. juni 1817 etter at den gamle hovudkyrkja, «Sancta Margrethæ», som stod på gården Kirkesæter, etter et lynnedslag brann ned natt til 15. desember 1815. Kyrkja er åttekanta og har totalt 500 sitteplassar.

Vinje sokn

Den tidlegare kyrkja i Vinje sokn. (Teikning: Gerhard Schønning, 1773)

Ved Vinjeøra har det vore kyrkje sidan føre reformasjonen. Den noverande kyrkja i Vinje sokn, ei åttekanta tømmerkyrkje, vart bygd i 1820 etter at den gamle kyrkja vart riven, men tårnet og preikestolen, så vel som den gamle altartavla frå 1712 i nederlandsk barokkstil, vart flytta over til nykyrkja.

Eit krusifiks som blir sagt å ha stått ved vegen med tak over før i tida, vart funne att under oppussinga av kyrkja i 1950-åra og heng no inne i kyrkja.[2]

Heim sokn

Kyrkja i Heim sokn, ei typisk 1800-tals kvit langkyrkje, vart innvigd den 16. januar 1884. Før den tid var det hovudkyrkja i Hemne folk i Heim sokna til, men sjøvegen til kyrkja vart for lang. Gravlunden vart lagt ein kilometer unna på grunn av lite eigna jord kring kyrkja.

Snillfjord sokn

Kyrkja i Snillfjord sokn, ei typisk 1800-tals kvit langkyrkje, vart bygd i 1898 og innvigd den 27. september 1899. Fram til den tid sokna folk i Snillfjorden til hovudkyrkja i Hemne, og frå 1884 dels til kyrkja i Heim.

Prestar

Referansar

Kjelder

Eksterne lenkjer