Joel Jacob Hirsch (1866–1943)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Joel Jacob Hirsch

Joel Jacob Hirsch (fødd 20. mai 1866 i Łomża; død 3. mars 1943 i Auschwitz), òg kjent som Jacob Hirsch (Jakob Hirsch), var ein litauisk-fødd, norsk-jødisk handelsmann, sjoḥét (slaktar), ḥazzán (kantor) og religionslærar som arbeidde i Det mosaiske trossamfunn, Trondheim og i det jødiske samfunnet i Kristiansund. Han vart drepen av nazistane under andre verdskrigen den 3. mars 1943, 76 år gammal.

Joel Jacob Hirsch vart fødd i Łomża i det nordaustlege Polen søndag den 20. mai 1866 åt foreldra Sara Scheina og Leib Hirsch (d. 1902). Han gifta seg med Frida Dublinsky (f. 16. juni 1868 i Szczucin (Stutzin) i Gubernia łomżyńska i Polen). Han kom til Norge via Lund i Sverige i 1891, da han fikk fast stilling som religionslærar for trondheimsjødane. Arbeidet vart ikkje til å livnære ein familie på, så etter eit par år sa han opp stillinga og gikk over til handel. Resten av familien kom så etter til Trondhjem i 1894. Jacob og Sara Scheina fikk åtte born:

  1. (Ethel) Ida Hirsch (f. 6. oktober 1885, Szczucin)
  2. Filip (Fillip) Hirsch (f. 28. august 1887, Szczucin)
  3. Elisabeth Hirsch (f. 11. oktober 1895, Trondhjem)
  4. Rolff (Rolf) Hirsch (f. 30. juli 1897, Trondhjem)
  5. Marie Hirsch (f. 18. september 1900, Levanger)
  6. Ester Hirsch (f. 26. mai 1905, Trondhjem)
  7. Rikka (Ranka) Hirsch (f. 26. september 1907, Trondhjem)
  8. Benjamin Leib Hirsch (f. 15. oktober 1910, Trondhjem)

I folketeljinga 1900 er familien oppført med bustad i Østersunds gt. 2 i Trondhjem. Kring denne tida dreiv Jacob som kjøpmann på Levanger ei kort stund, og dottera Marie er oppført med fødestad Levanger i folketeljinga 1910 (men Trondhjem i 1900-teljinga). Truleg utpå året i 1900 flytta foreldra hans Jacob, Sara Scheina og Leib Hirsch, til Trondhjem, men Leib døydde berre 58 år gammal i 1902, og Sara Scheina flytta da tilbake til Russland. Yngste sonen av Jacob og Frida, Benjamin Leib (f. 1910), vart oppkalla etter den avlidne bestefaren etter asjkenazisk skikk.

Kring 1911 (?) etablerte Jacob Hirsch forretning i Vardø, men ikkje lenge etter flytta han og familien til Kristiansund, der dei busette seg i Marstrandsgata 14. I Kristiansund dreiv han med handel, og samtidig virka han som lærar og kantor for det jødiske samfunnet der. Av handelsverksamheit veit vi at «Jacob Hirsch Varemagasin» (konkurs 1934) heldt til i lokala til Grand Kino i 1915, og vi veit at han elles dreiv bl.a. «Hirsch Skolager» (konkurs 1927).

Jacob Hirsch vart òg religionslærar for det jødiske samfunnet i Kristiansund, og han var leiaren for fredagskveldsgudstenestene og helgedagsgudstenestene som fann stad i forsamlingslokalet det jødiske samfunnet hadde i lokala til Arbeidarsamfunnet i Vågebakken.

Jacob Hirsch i seinare år.

Jacob og sonen Rolf vart arrestert av nazistane, truleg der dei da budde på Averøya, den 26. oktober og sendt til Berg interneringsleir, men den 7. november vart alle mannlege jødar over 65 sett fri att. Dottera Esther fikk da lov å ha foreldra heime med seg på Kvernes, men i januar 1943 kom det ordre frå statspolitiet om at Jacob og Frida Hirsch så vel som dottera Ester skulle sendast til Oslo snarast, og «så ubemerket at det ikke blir anledning til sammenstimling av folk på kaien slik som det var tilfelle ved den forrige transport». Fredag den 15. januar 1943 vart dei sendt frå Kristiansund til Bredtveit fengsel. Derifrå vart dei deportert med M/S «Gotenland» til Stettin (Szczecin) den 24. februar. Dei og fleire av borna deira omkom i konsentrasjonsleirane.

Kjelder