Malmvegen 19 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmvegen 19
Utskilt: 1978
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 360
Type: Bustadseigedom

Malmvegen 19 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett av Terje Ekroll og den dåverande kona, Anne Britt Arnestad (sjå Jernvegen 2-4-6-8, bnr 648) i 1979. Dei overdrog det sidan til Sparebanken Sør, som i 1989 selde det til Petter og Solveig Ross.

Petter Ross, f 1950

Solveig Marie Ross, f 1953. Born:
  • Morten, f 1973, ing., busett Grimstad, g m Anita
  • Karina, f 1975, sjukepleiar, busett Grimstad

Petter og Solveig er båe frå Grimstad, og flutte til Hovden frå den byen i 1989, då Petter vart banksjef i Sparebanken Sør på Hovden. Solveig arbeidde i Fjellgardane barnehage. I 2002 flutte dei til Herefoss, og selde då huset her til Tone Øverland, som året etter flutte til Rauland, og selde vidare til ho som bur her nå:

Elin Zernichow Monsen, f 1962

Elin er oppvakse i Kristiansand som dotter åt Arvid Reidar Monsen og kona Inga, fødd Zernichow. Foreldra har budd på Hovden sidan 1992 (sjå Belglii 57, bnr 534). Elin flutte til Hovden frå Stavanger i 2002. Ho vart direktør ved Hovden Høyfjellshotell i 2005.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 19 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 18 • Neste bolk: Malmvegen 20

Koordinater: 59.5581° N 7.36053° Ø