Belglii 57 (Bykle)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Belglii 57 | |
---|---|
Utskilt: | 1993 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 534 |
Type: | Bustadseigedom |
Belglii 57 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett av familien Monsen i 1995:
- Arvid Reidar Monsen, f 1940
- g m Inga Zernichow, f 1942. Born:
- Elin, f 1962, sjå Malmvegen 19, bnr 360
- Atle, f 1964, sjå Sekkepipeseter under bnr 23
Arvid er opphavleg bergensar, og son åt Klara og Karl Emil Monsen. Han er hotellsjef ved Hovden høyfjellshotell. Inga er frå Kristiansand og dotter åt Ruth og Ingart Zernichow. Ho er husøkonom ved høgfjellshotellet. Zernichow-namnet er så spesielt at det fortener ein merknad: Opphavleg er det polsk, men på 1600-talet greina ætta seg til Kristiansand via Tyskland og Danmark.
Belglii 57 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Belglii 53-55 • Neste bolk: Belglii 59 |