Margit Nerol (1864–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Margit Nerol»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jordmora og dyrevenen Margit Nerol.
Foto: Ukjent fotograf, rundt 1910?
Margit og Ola Nerol i hallingbunad utanfor Nerol-garden, som i eit par århundrer var skysstasjon.
Foto: Karl A. Børresen, 1904.

Margit Olsdotter Varberg Nerol (fødd 10. april 1864 i Ål, død 26. august 1944 i Hol) var utdanna jordmor og virka i 35 år i Hol jordmordistrikt.

Familie

Margit vaks opp på husmannsplassen Skjåmehaugen under Skrattegard i Ål i Hallingdal. Foreldra, Gro Larsdotter Kveno (fødd 1830) og Ola Asleson Ulshagaplassen (fødd 1830) Skjåmehaugen, dreiv plassen frå 1860. Faren var murar og husmann utan jord. I 1870 var han steinarbeidar i Bergen. Seinare var han truleg også i Trondheim og på Voss. I 1890 hadde han vore fråverande i mange år.

Margit hadde fire eldre sysken, tre brødre og ei syster, som alle drog til Amerika. Eldstebroren kom tilbake og budde då eit par år på Nerol.

I 1895 gifte Margit seg i Drammen med gardbrukar Ola Arneson Nerol frå Hol. Han var to gonger enkemann. Den siste kona døydde i 1894. Frå dei tidlegare ekteskapa hadde Ola åtte born, og alle utanom yngstejenta Kari utvandra til Amerika. Ho var ti år då Margit og Ola gifta seg og gjekk ein periode på skule for døvstumme før ho kom heimatt til Nerol. Også systera Mari var døvstum og er i folketeljingene for 1885 og 1891 registrert som elev ved Christiania Døvstumme-Institut (Balchens skole).[1][2]

Saman hadde Margit og Ola dottera Gunhild (f. 1896).

Jordmorvirket

Margit vaks opp i same grenda som Kristi Varaberg. Skrattegard var nabogarden til Varaberg, og Hove, som Kristi gifte seg til, var ikkje langt unna Skjåmeplassen.

I følgje Anders Mehlum var det ein slektning på Voss, Amund Dokken, som kosta jordmorskule på Margit.[3] Ho gjekk ut av Oslo jordmorskole hausten 1891. Rett etter fekk ho eit halvt års vikariat i Hemsedal. Deretter var ho jordmor i Drammen fram til ho i 1894 vart tilsett i Hol jordmordistrikt etter Anne Reinton. Jordmordistriktet var stort, og det var ut med hesteskyss i all slags vêr. At Margit vart sett pris på, kjem fram av at ho, då ho gjekk av for aldersgrensa i 1929, fekk ei gåve frå mødrene i Hol.

Nerol gard og Hol skysstasjon

I tillegg til jordmorvirket, var Margit gardkone på Nerol, der det også var skysstasjon.

Organisasjonsliv

Margit var aktiv i lokalsamfunnet. Då den fyrste aldersheimen i Hallingdal, Gyrihaugen gamleheim, vart etablert, kom ho frå 1913 med i det fyrste styret.

Ho var også med i vergerådet i kommunen og engasjert i dyrevernet.

Priser og utmerkelser

Fotnotar

  1. Mari Nerol i folketelling 1885 for Kristiania fra Digitalarkivet
  2. Mari Nerol i folketelling 1891 for Kristiania fra Digitalarkivet
  3. Nu 1907/11 (Warberg s. 727)

Kjelder og litteratur