Osestølen (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinater: 60°30′5″ N 8°2′26″ Ø


Stølshusa på Osestølen, Ustaoset. Biletet er teke i samband med stikkinga av Bergensbanen. I midten kan ein skimte telta til jernbanefolka.
Foto: Ukjent (1890-1900). Eigar: Hol bygdearkiv.
Familien Vindegg på trappa utanfor Osestølen. Bak frå venstre: Olav, Ole O., Erling og Anne. Foran frå venstre: Mikkel, Ingebjørg, Maria og Sissel.
Foto: Ukjend, 1925.

Osestølen ligg i sentrum av Ustaoset, Hol kommune. Frå 1882 kom heile stølseigedomen i garden Vindegg, Kvisla, sitt eige. Det var kring stølshusa ved Ustevatnet at hyttebyen vaks fram i samband med utbygginga av Bergensbanen. Allereie i 1894 vart det som truleg var den fyrste hytta på Ustaoset sett opp ved Ustebergstølen, men hyttebygging i stor stil tok til med Ole O. Vindegg.

Eigedomstilhøve før 1882

Frå gamalt var det sameige mellom fleire av stølane på Ustaoset. Fleire gardar kunne også eige kvar sine delar av same støl. Båe delane gjaldt for Osestølen, noko som gjer det utfordrande å få oversikt over eigedomstilhøva. Forsøket nedanfor er basert på søk i Folk og fortid i Hol i Nettbiblioteket.

Reinton nemner at garden Geilo, Ustedalen, eigde ein del av Osestølen i 1743. Stølsdelen vart då brukt som pant for eit lån til eit av bruka under Geilo.[1] Stølen er også nemnd i samband med deling av Geilo i 1755, då dei to nye eigarane skulle ha kvar sin halvpart av ei bu på Osestølen.

Verpe, Ustedalen, hadde ein del av stølen i 1745. Garden vart delt dette året, og dei to nye eigarane skulle ha denne delen av Osestølen saman.[2]

I 1771 kom søre Slettemoen, Moen, inn i biletet. Eigaren av garden kjøpte dette året Verpe sin del av Osestølen. I 1777 vart denne stølsdelen truleg seld vidare til synste søre Kaupang.[3] Ved eit skifte i 1779 vart både Osestølen, Gjeilelie og Lorthøl rekna til garden. Dette året vart garden og stølane selde på auksjon til nordre søre Kaupang.[4] Jf. også auksjonsskøytet.[5]

Ei avtale kom i stand i 1810 mellom Ruken, Øynan, Gjeilelie og Osestølen om kor grensene for felleshamn og særhamn skulle gå. Synste søre Kaupang (frå 1807 mest kalla Vindegg) og søre Slettemoen eigde då kvar sine delar av Gjeilelie og Osestølen.[6] Reinton nemner òg stølen i samband med at eigarane av Geilelie, Nystølen, Mjølhaugane og Osestølen i 1817 klaga Svein Olson Rudningen for å ha gått ut over beiteretten sin. Striden endte i 1829 med forlik mellom stølseigarane om felles beite og at kvar av dei skulle ha rett til å utvide stølsvollane og føre opp stølsbuer. Vindegg og søre Slettemoen eigde då framleis Osestølen saman.[7]

Vindegg

Neste gong Reinton nemner Osestølen er i 1882. Etter eit makeskifte med myljo Slettemoen, kom heile stølen i Vindegg sitt eige. Eigaren av garden var då Ola Mikkelson Vindegg. Etter ein auksjon i 1887 overtok bror hans, Per Mikkelson Vindegg, garden. Ola fekk likevel bu der med kona Ingebjørg og dei 9 borna. Etter at Ingebjørg døydde i 1897, heldt Ola seg mest på Osestølen, medan dottera Margit (f. 1882) fekk ansvaret for dei yngre syskena sine på Vindegg.

Bergensbanen

Frå omkring 1890 var Ole O. gjetlegut på Ustaoset. Då låg det tre stølsbuer og ei løe på Osestølen. Bortsett frå ein og annan turist, som ønskte båtskyss over Usta til Haugastøl, var det lite trafikk.

På slutten av 1800-talet auka aktiviteten kring Osestølen i samband med bygginga av Bergensbanen. Det dro Ola M. nytte av. Sjølv om ikkje lenger hadde heimel til grunnen på Ustaoset, sette han opp ein bygning i to høgder, som han brukte til handel og utleige av rom, mest til dei som arbeidde på jernbanen. Dette var forløparen til Ustaoset hotell. Det budde også jernbanefolk i telt kring stølshusa. Ola M. selde også produkt frå garden Osheim, som han sette opp kring 1909 og dreiv saman med andre kona, Kari Kittilsdotter Sausgardshaugen.

Eigedomsgrenser

I 1907 overtok Ole O. garden Vindegg og stølseigedomane. Ein rettstvist mellom far og son endte med at Ola M. fekk behalde Osheim, hotelltomta og noko utmark ned mot Usta, som gjekk i arv til Kari og borna då Ola M. døydde i 1918.

Fleire grenser vart dregne på same tida. Osestølen og Nystølen hadde frå gamalt vore i sameige med Kulthaug og Hovdestølen. Sjølv om nokre grenser var gått opp i delekontrakt av 1825, kravde Ole O. i 1911 utskifting av fjellhamna til stølane. Utskiftingsområdet grensa til Såballia og gjekk etter Kulthauggroven til Eimeån og til grensa mot Prestholt. I 1916 vart også hamna for dei nedre områda delt mellom dei same stølane. Tilgang på ved og slåttar, grunneigedomsrett og jaktrett skulle følgje hamneretten.[8]

I 1935 hadde Vindegg eigedomane Osestølen og Nystølen, som var i bruk, og Gjeilelie og Lorthøl, som var nedlagde.[9]

Stølsdrift

Ole O. hadde gifta seg med Anne frå nabogarden Tufto i Kvisla i 1911. Ho hadde vore med og støla på Uren, nærmare Hallingskarvet i retning Haugastøl, frå ho var lita. No fekk ho ansvaret for stølinga på Osestølen. Med Bergensbanen vart det fart i avsetjinga på mjølk og ost og andre stølsprodukt. Fyrst til jernbanefolka og etter kvart også til turistane.

Dei fyrste hyttene

Det var Ola M. som fekk sett opp dei fyrste hyttene kring Osestølen. Jens Christian Meinich kjøpte den fyrste tomta på Osestølen i 1908, men før hytta kom opp i 1910, rakk kameraten Christian Theodor Holtfodt å få sett opp den aller fyrste hytta i sentrum av Ustaoset i 1909.

I 1915 hadde det kome opp 30 hytter på Vindegg sine eigedomar. Berre fem år seinare var talet tredobla, og i 1940 stod det 200 hytter i ein vid krins rundt Osestølen. Frå 1886[10] til 1950[11] auka talet på eigedomar under Kaupang, som bruket Vindegg låg under, frå 14 til 337. Av dei nye var brorparten hytter på Ustaoset.

Den utbygginga som Ola M. hadde sett i gang kring Osestølen, overtok og utvida Ole O. Etter kvart bygde, leigde han bort og selde hytter og tomter i stor stil, og det som starta som ei binæringa, vart ein stadig større del av den totale verksemda. Anne og ungane vart viktige både i gardsdrifta på Vindegg, stølsdrifta på Ustaoset og tenestytinga overfor hyttefolk og andre turistar. Innkomene frå turismen vart pløgd inn i gardsdrifta, mellom anna i form av nye bygningar på Vindegg.

Etterkrigstida

Ole O. overdrog i 1940 Vindegg-eigedomane til eldstesonen Olav, med unnatak av Osestølen. Der bygde han seg eit nytt hus like nedanfor det gamle stølshuset, som han budde i når han var på Ustaoset. Da han døydde i 1955 tok tredje eldste sonen Mikkel over huset som heilårsbolig. Olav overtok Nystølen, nordvest for Osestølen, og der kona Ingeborg støla. Tomtene kring stølen vart nytta til hytter.

Nest eldste sonen, Torleiv, overtok resten av Osestøl-eigedomen i 1945. Her busette han seg saman med kona Guri og borna. Dei fyrste åra dreiv dei parallelt med gardsdrift og hytteverksemd, men etter kvart vart det slutt med dyr og fjøset vart gjort om til lager.

I 1970-åra overtok Olavs son, Ola, Vindegg og Nystøl-eigedomen, medan Torleivs son, Stein og kona Inger Brit overtok Osestøl-eigedomen. Stølshusa på Osestølen og Nystølen har dei seinare åra vore leigd ut til turistar. Frå 2020-talet er det fjerde generasjon Vindegg som driv hytteservice på eigedomane kring Osestølen og Nystølen.

Sjå også

Fotnotar

Kjelder