Seljord Billag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den fyrste bilen som gjekk mellom Årnes brygge og Ulveneset, var ein Federal kjøpt inn ved starten i 1919. Mannen på fotografiet er Tor Sannes.

Seljord Billag, L/L, blei skipa på møte i Klokkarstogo i Seljord 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget Seljords Automobillag. Føremålet med laget var «å driva biltrafikk i rute millom Ulvenes og Årnes for på den visi med ein samstelt person og varebil millom ana å frakte varone til medlemane millom nevnde stellur». Torgrim Haugerud blei valt til formann.

Historikk

Den fyrste bilen laget kjøpte, var ein Federal lastebil. Den vart påbygd i Seljord, «med eit karosjeri på ein måte, men det var nokso primitivt». Før bilen blei satt i rute, kosta den laget 19 865 kr. Bilen køyrde ruta to gonger i veka, men berre om sumaren. I 1923 blei Federalbilen bytt bort med ein Republik. Bilen blei utbygd av "snikkar Li" på Notodden. «Karosjeriet var noko betre enn det fyrste, men var nokso uvandt tillaga», heiter det i årsmeldinga frå 1938. I 1924 kom jarnbanen til . Det var difor naudsynt å utvide rutetilbodet m.a. for å dekke behovet frå landhandlarane. I 1926 blei det kjøpt inn ein Studebaker-buss. «Bussen var stor og vel utstyrt og vekte mykje åtgaum her uppe. Det var den fyrste i sitt slag.»

Billaget dreiv både vare- og turisttrafikk, og frå 1927 fekk dei ansvaret for snobrøytinga på strekninga Bø-Seljord-Flatdal for 1200 kr i året. Bilane vart utstyrt med plogar, men desse vart for veike for snoforholda i Vest-Telemark. Det vart difor gjort avtaler med hesteeigarar langs strekninga dei fyrste åra.

Samanslåing

I 1959 gjekk Seljord Billag saman med Fyresdal-Vrådal-Nissedal Billag og Vest-Telemark Billag om samkøyring. I 1972 blei laga slått saman til Vest-Telemark Bilruter L/L. Sentraladministrasjonen blei lagt til Seljord. I 1998 blei namnet endra til Telemark Bilruter A/S.

Arkivet

Seljord Billag
Innhald frå Seljord Automobillag sitt arkiv.jpg
Delar av innhaldet frå Seljord Billag sitt arkiv.
Foto: Per Ormestøyl (2016)
Arkivinstitusjon: Vest-Telemark Museum
Full sti: VTM/A-1048
Kategori: 49,3
Frå år: 1919
Til år: 1972
Fylke: Telemark
Kommune: Seljord
Stad: Vest-Telemark
Omfang: 0,2 hm
Arkivportalen: no-VTM_arkiv_000000002234

Arkivet etter Seljord Billag er ordna på Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.

Kjelder

  • Henriksveen, Herman og Åsen, Kjell: Bakke opp og bakke ned, rutebildrift i Vest-Telemark, Skien, 1997. Lenke til digital utgåve på bokhylla.