Systog Glidbjørg (Bykle gnr 16/13)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Systog Glidbjørg
Stavenes 62.jpg
Glidbjørg 1965, Systog til høgre. Stoga frå 1943 brann i 1978. Olav S. Glidbjørg døydde som fylgje av denne brannen.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: 1920
Utskilt: 1920
Stad: Stavenes
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 16
Bnr: 13
Type: Gardsbruk

Systog Glidbjørg i Bykle kommune kom til i 1920, då Olav Sigbjørnsson kaupte ein parsell av Glidbjørg hjå broren Hallvard, og sette i gang med bureising i sørenden av Glidbjørgeigedomen. Dette bureisingsbruket, som fekk bnr 13 og ei skyld på 5 øre, vart kalla Systog, medan bnr 11 sidan vart heitande Nordstog. Systog vart i 1953 oppgjeve til å ha 31 mål dyrka jord og 50 mål produktiv skog.

Olav braut opp alle dei godt og vel 30 måla med jorde med handmakt, forutan å byggje mykje hus. Dei fyrste husa han hadde bygt på bruket vart etter kvart for små, så i 1940 sette han opp ny uthusbygning, og i 1943 fylgde den nye bustadbygningen, ei setesdalsstoge i 1 1/2 høgde med ei grunnflate på 13 x 6 m. Etter Norges Bebyggelse var buskapen på bruket i 1953 på 1 hest, 5 kyr, 5 kalvar, 5 sauer og 23 geiter.

På bakgrunn av innsatsen sin på bruket vart Olav i 1951 tildela Ny Jords diplom for bureisarar.

  • Olav Sigbjørnsson Glidbjørg, f 1890, d 1978
g 1917 m Signe Sjursdtr. Vatnedalen, f 1892, d 1985. Born:
  • Margit, f 1917, d 1972, g 1941 m Arne Vestøl, Evje, born:
  • Signy, f 1941
  • Kay Ottar, f 1943
  • Anna Vigdis, f 1945, sjå nedanfor
  • Åshild, f 1920, d 2000, g 1. m Alf Strædet, Øverbø, g 2. m Knut Olavsson Lien (Streitebakk), Byklum, busett Kristiansand, ikkje born
  • Torbjørg, f 1922, d 1995, g 1946 m. Gunnar Horrigmo, Vågsbygd, busett Vågsbygd, sjå nedanfor, born:
  • Ove, f 1946
  • Sigrid, f 1924, d 2000, g 1949 m. Lars Ubostad, Kristiansand, busett Kristiansand, born:
  • Sigbjørn, f 1950
  • Aud Signe, f 1951
  • Reidar, f 1954
  • Dag, f 1956
  • Ingebjørg 1928, g 1949 m Øystein Østensen, Kristiansand, busett Kristiansand, born:
  • Ivar, f 1950
  • Norma, f 1954
  • Øyvind, f 1958
Passfotografering hausten 1940 eller våren 1941. Åshild H. Glidbjørg, Margit O. Lien og Torbjørg O. Glidbjørg. Foto: Jon O. Løyland, hit frå Setesdalsmuseet.

Signe var dotter åt Sjur Sjursson Natland i Vatnedalen og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hovden. Margit, syster av Signe, var gift med Hallvard Sigbjørnsson i Nordstog, bror åt Olav.

Om Torbjørg O. Glidbjørg klypper me det fylgjande avsnittet or boka Krigen i Bykle (109):

Torbjørg [...] var med i illegalt arbeid både i Oslo og Kristiansand. Ho var kurér, og var i tillegg med og smugla mat og tobakk til fangane. Ho vart arrestera på jernbanestasjonen på Grovane, vart tiltala som spion, og sat på Grini saman med mannen, Gunnar Horrigmo, frå juni 1944 til freden kom.

Margit O. Glidbjørg vart skild og flutte heimatt midt på 1950-talet, så borna hennes budde her frå det tidspunktet. I 1968 overtok Anna Vigdis, den yngste av dei, eigedomen saman med mannen sin.

Kay Jeiskelid. Bilete frå kommunearkivet.
Anna Vigdis Jeiskelid. Bilete frå kommunearkivet.
  • Anna Vigdis Vestøl Jeiskelid, f 1945
g m Kay Arne Jeiskelid, f 1946. Born:
  • Nina, f 1967, sb m Sjur Johan Vatnedalen, sjå Nordstog Dalen, gnr 6, bnr 1
  • Siv Kristin, f 1968, g 1994 m Robert Jegteberg, sjå nedanfor

Kay Arne Jeiskelid vaks opp i Nordli (gnr 3, bnr 18) som adoptivson åt Knut Helleiksson Jeiskelid og kona, Sigrid Knutsdotter, fødd Bjåen. Han har arbeidd som entreprenør i bygg- og anleggsbransjen, og ma. bygt ut fleire hyttefelt. Sidan 1985 har han, som ordførar i Bykle, vore mest oppteken med kommunalt styre og stell.

Yngste dotter åt Kay og Anna Vigdis driv garden i dag (2006) ilag med mannen sin.

  • Siv Kristin Jeiskelid, f 1968
g 1994 m Robert Jegteberg, f 1969. Born:
  • Ingunn, f 1995
  • Olav, f 1998

Robert Jegteberg kom til Bykle som snikkar, og arbeider framleis i det yrket, men nå med eige byggjefirma og mange mann i arbeid. Han kjem frå Kvinnherad. Namna åt foreldra hans er Kjell og Ragnhild Jegteberg. Det høyrer med å nemne at Ingemar, bror åt Robert, også er busett i Bykle (sjå Myri 1, gnr 14, bnr 66).

I 1994 bygde Siv Kristin og Robert nytt bustadhus, og i 1999 hadde dei nytt sauefjøs ferdig. Dei brukar jorda i Nordstog, bnr 11, og Moen, bnr 16, attåt Systog.

Den 11. mai 1993 var det storfint besøk i Bykle. Her ser ein dronninga, kongen og ordførar Kay Jeiskelid. Representantane for den yngre generasjonen, som snur ryggen mot fotografen, er Mette Bjørnarå og Oddbjørn Breive.
Foto: Folke Nesland
Frå venstre: Siv Kristin og Nina Jeiskelid, oldemora Signe Glidbjørg og Kari Hovden. Biletet er teke i Nordli mot slutten av 1970-åra.
Foto: Gerd Fosse Hovden


0941 Bykle komm.png Systog Glidbjørg (Bykle gnr 16/13) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Glidbjørg (Nordstog) • Neste bolk: Sanden