Tohjulstraktoren

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Aebi AM 53 med kort kardang vogn
Aebi AM 53 med kort kardang vogn
AEBI AM 53 m lang kardangvogn
AEBI AM 53 m Styregreier
Foto: Bucher K55 med Dalen Kardang vogn (Type: 160/210, Utveksling 1:11.98

Tohjulstraktoren og motorslåmaskina sitt inntog i vestlandsk jordbruk må ha ein god del av æra for at kulturlandskapet i landsdelen er halde i hevd etter at ljåen og hesteslåmaskina gjekk ut av bruk midt på 1950-talet.

Definisjon for traktor vart etter kvart maskin med roterande kraftuttak (PTO) for drift av påkobla arbeidsmaskiner. Dermed ser vi store motorslåmaskiner og små tohjulstrakturar utan å forstå kva er kva. Kraftuttaket vart mest brukt til drift av såkalla «kardangvogn», firehjulsdrift ved bruk av tilhengar, slåtteapparat, motordriven jordfres og vinsj. Ein prøvar å samle informasjon på sida om Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk.

Kring 1920 kom dei fyrste tohjulingane til landet, men fyrst etter 1945 vart det fart i sal av landbruksmaskiner med eigen forbrenningsmotor i dei brattlendte vestlandsbygdene. Firehjulstraktorane passa ikkje på smale, bratte gardsvegar. Derfor såg gardbrukarane etter andre alternativ og enda opp med tohjulstraktoren som ei løysing mellom motorslåmaskin og firehjulstraktor.

Rett etter krigen bar mange av desse maskinene preg av at «man tager hvad man haver» i produksjonen. Kombinasjonen av tunge maskiner, for liten motor, flatreimskobling mellom motor og girkasse, lite girutvalg, lite bremser og dårleg balanse i maskina var vanleg. Brukarane var vane med den relativt snille, men ofte fantete fjordingen (vestlandshesten) som stoppa når du drog i taumane og sa «pro». Brå overgang til ny teknikk skapte mange farlege situasjonar ved køyring, og dei gode historiene etterpå når alt gjekk vel.

Når karane skulle beskrive køyringa for sine yrkesbrør brukte dei gjerne begrep frå hestekøyringa, der begrepet «taumhard» ofte gjekk att. Historia om han som ropte «pro» av sine lungers fulle kraft når traktoren gjekk gjennom løeveggen så flisane fauk er ikkje berre ei vandrehistorie. Den er sjølvopplevd i dei fleste brattlendte bygder av ein eller annan.

«Taumharde» var mange av tohjulstraktorane. Dette heng saman med konstruksjon for kraftoverføring mellom girkassa og drivhjula og om bremsene sit ved hjula eller på pinjongaksel. Konstruksjonsdetaljane vart nytta fullt ut av dei taleføre seljarane, som ofte ikkje var sikre i begrepa sjølve:

  • Drivhjula på «stiv» aksel: Traktoren dreg likt på begge hjul men blir drepande tung å styre.
  • Drivhjula på «stiv» aksel, men med hjulutkobling på eigen spak på ei eller begge sider. Når du skulle svinge kobla du ut innsida i svingen til traktoren hadde svinga passeleg for så å koble til att. Er der berre ei hjulutkobling må du «kuvende» (snu mot normal venderetning, som det heiter på sjøen), er ikkje brukbart med påkobla tilhengar. Du skal vere «kald i hovudet» og ha mykje øving før dette fungerar.
  • Differensial, helst med differensialsperre. Med litt velvilje er dette ein «førarvenleg» tohjulstraktor, men likevel ei køyredoning der det er nyttig å vege «bort i 100 kg» og vere sterk i armane.

Forklaringa på bremsemekanismane kan forklarast seinare. Det gjekk med «raut og gaul», var brukt som forklaring med påfylgjande hovudristing.

I starten kjøpte folk ein traktor. Så brukte dei stor fantasi for å bruke den som «trekkdyr» for hesteredskapen dei hadde frå før. Dette førte til mange farlege situasjonar av den grunn at hestereidskapen ikkje hadde bremser.

«Kardangvogn» var den kontruksjonen som fekk fart i salget av tohjulstraktoren. Dei som hadde bratt terreng kjøpte seg firehjulstrekk og brukbare bremser etter eit år med «livet til låns». Då vart dette ei doning med akseptabel sikkerheit. Byggemåte var ofte så forskjellig at du vart superpilot på din eigen traktor og hjelpelaus på framande merke. I flatare lende gjekk der mykje tohjulstraktorar med slepevogner og frontvogner med begrensa bremseutrustning på.

Fritt etter hukommelsen var hovudtrekka om lag slik: Utvikling av utstyr gjekk føre seg på Vestlandet: Oppfinnsome folk laga prototyp og bygdesmiene fortsette utviklinga. Det gjekk mange norskbygde «kardangvogner», vinsjar og belteutstyr for skogsdrift på tohjulstraktorar frå 1950 til 1970. Landbruksteknisk Institutt [[1]] (LTI) hadde forsøksgard for brattlente bruk på Voss. Her prøvde dei ut og laga prøvemeldingar på tenkjeleg og utenkjeleg utstyr for bratte bruk. To kreative bedrifter som dreiv det langt var Lid Jarnindustri, Norheimsund (til dømes: Dalen kardangvogn, frontvogn) og ei bedrift på Voss, Voss mekaniske verksted som lagde bl.a vossavinsjen. Det er laga utruleg mange effektive og gode konstruksjonar til tohjulstraktoren.

Traktorfabrikkane såg og behovet var der og leverte eigne hengarkonstuksjonar med drift på hjula. Klagene på «taumharde» doningar kom på løpande band frå Noreg og andre brattlendte nasjonar og frå denne tilbakemeldinga utvikla «Transporteren» og andre spesialmaskiner i kategorien «traktor» seg.

Dei vanlegaste merka med mest sal på vestlandet: Aebi, Agria, Bucher, MotoStandard/Gutbrod, Rapid.

Dette stykket er skrive etter hukommelsen som eit startstykke for lokalwiki.no og ei oppfordring til interesserte til å gå inn med tillegg og rettingar.

Litteratur og kjelder

  • LTI-prøvemeldingar frå Landbruksteknisk Institutt [[2]] den mest presise informasjon på enkeltmaskinene.
  • Jensen, Arnulf: Tohjulingar i landbruket 2002. Landbruksforlaget
  • Jensen, Arnulf: Veterantraktorer i Norge 2003. Landbruksforlaget (Jensen gir inntrykk av det same som er skrive i stykket. Det har vore importert så mange variantar at ingen vil få full oversikt.)
  • Landbruksskulane har eldre lærebøker som gir innsikt.
  • Som landbruksmekanikar litt inn og ut av yrket i 40 år har skrivaren av startstykket sett få verkstadhandbøker på slikt utstyr, slik ein finn på større traktorar og bilar. Ein må greie seg med datablad i instruksjonsboka og delekatalogen.

Informantar

Sjå også