Tragedien på Lesjaskog seinhaustes 1957

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Lesjaskog frå Mølmshaugen til Nørdre Høe 2004.

Tragedien på Lesjaskog seinhaustes 1957 er ei hending som gjorde eit djupt inntrykk på mange menneske. Dei to små barna til Sigrunn (1930-2010) og Syver Mølmshaug (1927-2010), Berit (akkurat fylt 5 år) og Hans Petter (knapt 3 år) forsvann frå heimgarden og vart ikkje attfunne før etter to veker.

Ungane gjekk frå Mølmshaugen i to-tida om ettermiddagen 22. november for å sjå til faren. Syver og ein arbeidskamerat dreiv med skogsarbeid om lag 400 meter frå garden, på sørsida av Rauma og til venstre over Haugabrua, som ikkje hadde rekkverk og som ungane måtte krysse. Det var ein ettermiddag med snø i lufta, og det blir som kjent tidleg mørkt på denne årstida.

I framgrunnen Mølmshaugen, bak Mølme med Mølmen hotell og Lesjaskogskyrkja fem år etter tragedien.
Foto: Widerøes Flyveselskap

I ettertid viste det seg at Berit og Hans Petter må ha dreia til høgre etter dei kryssa brua. Der gjekk det ein sterk sti oppover mot Grøndalen, og ungane må ha følgt denne også etter det vart mørkt, heilt opp på snaufjellet. Om dei hadde sove om natta eller gått heilt til dei segna om veit ein ikkje, men faktum er at dei vart funne oppe i fjellsida på Nørdre Høe 200 meter ovanfor skoggrensa og om lag 500 høgdemeter ovanfor heimen. I terrenget hadde dei to små truleg gått over 3 kilometer.

Ingen av barna hadde tidlegare vore på så lang ein tur. Hans Petter hadde aldri vore lenger frå heimen enn til jernbanestasjonen eit par hundre meter unna.

Barneskrik og den første leitinga

Om lag kl 14.30 denne fredagen høyrde Syver barneskrik, som om ein unge hadde ramla og slått seg. Han la frå seg reiskapen og sprang av garde for å sjekke kva det var som stod på, ropte på barna, men fekk ikkje svar og fann ingen. Han sprang da heim og fekk høyre av Sigrunn at ungane hadde gått av stad for å møte han. Syver drog da straks attende, fekk med seg kameraten og begynte å leite. Sigrunn varsla naboane, som strøymde til og begynte å hjelpe til.

Minst 100 menn og kvinner møtte opp og hjalp til med leitinga utover kvelden, og dei gjekk både langt oppover i skogen og etter kvart nedover langs elva.

Hadde dei ramla i elva?

Haugabrue
Foto: Arnfinn Kjelland

Dagen etter stilte mange hundre mann frå Lesja og nabobygdene opp for å hjelpe til, og leitinga vart konsentrert til elva – ingen kunne tru at dei små ungane hadde klart å gå så langt som det seinare viste seg at dei hadde gjort.

Rauma var delvis attfrose, så leitinga var ikkje ufarleg. Isen vart delvis brote opp for hand, delvis sprengt. Froskemenn kom til, men ingen ting vart funne.

Leitinga vart organisert av lensmann i Lesja og Dovre, Ole Fagersand. Med seg i leiinga hadde han områdesjefen i Heimevernet Olav Krokrud og fjelloppsynsmann Olaf Heitkøtter. Dei nytta Lesjaskog stasjonRaumabanen som kommandosentral.

Friviljuge leitemannskap frå fjern og nær

Leitinga heldt fram i dagane som følgde. Hundrevis av menn og kvinner kom frå dei ytste bygdene i Gudbrandsdalen til langt ut i fjordbygdene i nabofylket Møre og Romsdal. T.d. gav Folkehøgskulen i Ringebu elevene fri, ordna med busser og køyrde oppover for å delta i leitinga. Ottadalen kommunale billag stilte bussar gratis til disposisjon og sjåførane køyrde utan lønn. NSB sette opp ekstratog for leitemannskapa. På Verma øvst i Romsdalen kan folk som den gong var små hugse alle bussane som køyrde oppover med leitemannskap grytidleg om morgonane.

Alle Røde Kors hjelpekorps-avdelingar i regionen mobiliserte også.

Leiteområdet vart utvida, og det hadde truleg gått mannskap berre eit par hundre meter frå der ungane låg, kanskje nærare.

Veret gjorde leitinga vanskeleg. Da ungane forsvann var det berre eit tynt lag snø på bakken, men så kom det opp til ein halv meter innover Grøndalen og oppover mot fjellet. Så slo det om til mildver og regn, så forholda for leitemannskapa var ikkje enkle.

Bygdefolket gjorde det dei kunne. Hotellet i Mølmen, lag og foreiningar og privatpersonar stilte opp og laga mat til mannskapa. Lesjaskog handelsforening stilte opp med forsyningar – ein kveld delte t.d. styraren Gustav Nygård ut 400 lommelyktbatteri.

Den siste leitesøndagen var det 1500 menneske med på leitinga. Til saman rekna leiinga med at det var nedlagt 6500 dagsverk i leitinga dei 14 dagane den gjekk føre seg.

Forsvaret sin innsats

Heimevernet stilte med store styrkar frå alle områda i Gudbrandsdalen i mange dagar. Heimevernsskulen på Dombås hadde utstyr, befal og spesialistar. Hærens sambandsskuleJørstadmoen ved Lillehammer sendte kontingentar.

Hans Petter blir funne

Fredag 6. desember var den organiserte leitinga avslutta. Men bygdefolk og andre som hadde høve, brukte kvar ledig stund til å leite. Denne dagen hadde ca. 15 mann møtt fram på stasjonen. Dei fekk gå der dei sjølve ville. Olav Rundtom og Olav Øverli tok opp i vigga, over skogbandet og gjekk seg kl. 11.45 på Hans Petter liggjande på ein liten haug med ansiktet ned og hendene ut til sida. Han hadde truleg gått til han hadde stupt av utmatting, og så sovna inn.

Meldinga om funnet gjekk straks ut. Nesten 100 menn og kvinner stilte raskt opp med lommelykter og spesiallys for å prøve å finne systera Berit. Leitinga gjekk føre seg heilt til i 21-tida da ho måtte innstillast fordi veret hadde blitt dårlegare; det var nesten full snøstorm i fjellet. Da var 100 mannskap til møtt opp, utan at dei kom i arbeid på grunn av verforholda.

Berit blir funne

Da Hans Petter vart funne vart leitinga altså intensivert. Lensmannen rekvirerte m.a. tre sporhundar frå Oslopolitiet, som kom opp seint om fredagskvelden. Allereie kl 06.30 laurdag morgon, i klart, kaldt ver og måneskin, drog desse av garde saman med ei mindre gruppe kjentmenn og andre, for å undersøke nærområdet der Hans Petter vart funne.

Der fann dei òg Berit, berre 20 meter frå der Hans Petter låg. Ho låg litt lågare, og var dekt av snø, så mannskapa hadde ikkje sett ho dagen før. Det var bror til Olav Øverli, Peder, som fekk sjå nokre hårstrå stikke opp av snøen kl. 09.30.

Berit vart deretter lagt på ei båre og frakta ned, følgt av leitemannskapa i ei stille prosesjon. Alle flagg i bygda hang på halv stang.

Gravminne på Lesjaskog kyrkjegard.
Foto: Arnfinn Kjelland

Ein gripande avskil

Hans Petter og Berit vart gravlagt frå ei fullsett Lesjaskog kyrkje laurdag 14. desember – ein kald dag med vel 20 kuldegrader og litt sno. Før gravferda hadde familien ei privat høgtid på garden, så vart kistene bore opp til kyrkja. Sokneprest Aksel Amlie forretta.

Etter gravferda arrangerte soknerådet og bygdefolket minnesamver på Mølmen hotell og kommunehuset.


Sigrunn og Syver Mølmshaug omkom saman i ei trafikkulykke på Lesjaskog 3. mars 2010.

Kjelder

Koordinater: 62.201° N 8.345° Ø