Lesjaskog bank- og kommunehus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Lesjaskog bank- og kommunehus i 2009.

Lesjaskog bank- og kommunehus vart bygd kring 1930 som eit samarbeidsprosjekt mellom Lesjaskog soknekommune og Lesjaskog sparebank. I 1927 sette soknestyret av midlar til oppføring av eit kommunehus for Lesjaskog sokn, og i 1928 vart sokne- og bankstyret samde om å føre opp eit felles hus for den kommunale verksemda og bankverksemda.

Huset vart oppført med tømmermaterialer gjeve av gardbrukarane i soknet. I reine pengar kosta huset kr 29.495 da det stod ferdig i 1931. Det første heradsstyremøtet vart halde her 12. januar 1932.

I huset var det i første høgda banklokale i fram til ca 1995, deretter rekneskapskontor. I nokre år var det òg telefonsentral her. I andre høgda var det fest- og møtesal og sjukepleiarhusvere. Banken kjøpte huset i 1972 og gjorde andre høgda om til leilegheit for direktøren.

Kring 1995 vart huset seld til private.

Litteratur

Koordinater: 62.23306433° N 8.35537911° Ø