Lesjaskog Sparebank

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Det gamle skiltet til Lesjaskog Sparebank.
Foto: Arnfinn Kjelland (2011).

Lesjaskog SparebankLesjaskog i Lesja kommune vart oppretta i 1909.

Arbeidet med sparebank i Lesjaskog sokn gjennom kommunestyret kom i gang i 1874. Da var det forslag om å halde att 100 tønner i Lesjaskog kornmagasin og så realisere resten til grunnfond for ein sparebank i soknet. Men heradsstyret såg ingen grunn til å ta skritt i den retningen, da sparebanken i hovudsoknet, Lesja Sparebank, godt kunne dekkje behovet i nabosoknet. Det skjedde så ikkje noko før eit bygdemøte på Kyrkjestugusalen 30. desember 1908 gjekk for å etablere eigen sparebank. På møtet vart det sikra grunnkapital på minst kr 25.000, medrekna kr. 8300 i kornmagasinfondet. Planen for banken vart godkjent i departementet 3. september 1909, og til den første direksjonen vart vald H. N. Skotte, formann, Johns. P. Enebo, viseformann og Andreas O. Mølmen og Ole E. Nørstebø.

I samarbeid med Lesjaskog soknekommune vedtok banken i 1928 å bygge eit felles bank- og kommunehus. Der hadde Lesjaskog Sparebank kontor så lenge den eksisterte.

Banken hadde i 1961 ein forvaltingskapital på kr. 2.881.884,32 og eit fond på kr. 228.612,33.

I 1981 gjekk Lesjaskog saman med sparebankane Lesja, Vågå, og Dovre saman inn i Gudbrandsdal Sparebank. Den vidare fusjoneringa vart til Sparebanken Østlandet i 1989, til Sparebanken NOR i 1991, som i 1999 kjøpte Gjensidige Bank og Elcon Finans og danna Gjensidige NOR Sparebank. Den vart i 2002 omgjort til aksjeselskap som Gjensidige NOR og fusjonerte året etter med DnB og vart DnB NOR som i 2011 endra namn til DNB.

Litteratur