Arnoldus Koren

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Arnoldus Koren, 85 år gammal. Etter målarstykke av Anna Nerdrum.

Arnoldus von Westen Sylow Koren (fødd i Bergen 22. juli 1764, død i Ullensvang 8. oktober 1854) var jurist, eidsvollsmann og stortingsmann. Lengste embetstenesta si hadde han som sorenskrivar i Hardanger og Voss. Han var også kjend som ein føregangsmann i landbruket, ikkje minst kva gjeld fruktdyrkinga i Hardanger.

I Riksforsamlinga på Eidsvoll var han ein konsekvent sjølvstendemann, og han vidareførde denne linja på omframstortinget hausten 1814. Av politiske motstandarar vart han framstilt nærmast som ein overivrig våsekopp, og også hans eigne vener kunne finne han meir enn nødvendig taletrengd. Dette har nok verka til å setje i skuggen Korens fortenester som politikar, embetsmann og gardbrukar. Og det har svekt ettertidas syn for hans heilskaplege samfunnsideal, prega framfor alt av moderne liberale og demokratiske haldningar. Han var kanskje den på Eidsvoll som tydelegast målbar tanken om eit konsekvent brot med det gamle samfunn, for å realisere den franske revolusjonens ideal om fridom, likskap og brorskap.

Bakgrunn og familie

Han var fødd inn i det bergenske handelsborgarskapet. Foreldra var skippar, seinare kjøpmann Niels Koren (1718–1784) og hustru Christine Theting (1727–7179).

Arnoldus Koren gifta seg i Sogndal (?) 24. februar 1796 med Magdalene Margrethe Christie (fødd på Stord 22. mai 1767, død 24. mars 1842). Ho var syskenbarn til Arnoldus, dotter til sokneprest i Sogndal og prost David Werner Christie (1730–1805) og Sara Cornelia Koren (1738–1807). Arnoldus og Magdalene fekk åtte born fødde i tidsrommet 1796-1809.

Utdanning og embetsgjerning

Etter gjennomført latinskule i Bergen 1784 byrja han på teologistudiet i København. Snart skifta han fag og tok juridisk embetseksamen i 1789. Fyrste praksis han fekk etter endt utdanning, var kontorarbeid i den dansk-norske sentraladministrasjonen i København (volontør i Danske kanselli). Han var ein ivrig medlem av Det Norske Selskab, og som det er sagt «ihuga norsk separatist, oppglødd for ideane frå den franske revolusjon og sterkt påverka av Voltaire».[1]

Korens embetsgjerning tok til da han vart sorenskrivar i Vestre Råbyggelaget (Setesdalen) i 1795. Da budde han i Evje, der han med ein gong kjøpte og dreiv garden Klepp.

I 1799 fekk han embetet som sorenskrivar i Hardanger og Voss, medfølgjande dommarembetet for den utskilde jurisdiksjonen (birket) Lysekloster gods og frå 1818 også birkedommarembetet for Rosendal baroni. Han søkte avskil i 1840, 76 år gammal. Dei siste ti åra hadde han sterkt svekka syn, og embetsoppgåvene vart da bestyrt av fullmektigen hans.

Dei siste åra vart Koren heilt blind og enkjemann, og han budde da hjå sonen Nils som var sokneprest i Ullensvang.

Den lokale føregangsmannen

Framtidsretta landbruk var blant hovudinteressene til sorenskrivaren. I Ullensvang kjøpte han «Skrivargarden» av forgjengaren i embetet. Det var eit bruk under garden Helleland. Koren fekk arrondert ein del av jorda på denne teigblanda garden. Han dyrka opp ein god del, grøfta og gjødsla, og tok personleg gjerne del i det fysiske arbeidet med slikt. Han dreiv stort hagebruk og importerte utanlandske frukttre. Det var han som tok til med plommesorten Reine Claude-plomma, ein plommesort som var dominerande i Hardanger i meir enn 100 år. Som det står i bygdeboka om dette: «Kjøpmannssonen frå Bergen dreiv ikkje gardsbruket som hobby, men som forretning.» Også dette høver inn i biletet av Koren som ein mann med gjennomgåande moderne haldningar.

Koren heldt ikkje den sosiale fråstanden til allmugen som elles var vanleg for embetsmennene. Ivar Aasen var ein av dei som la særleg merke til det da han besøkte bygda i 1844. I dagboka si skriv han: «De konditionerede lever paa en mer fortrolig maade [med folket] end tilfældet er i mange andre distrikter.»[2] Aasen gav mykje av æra for dette til familien Koren.

Eidsvollsmann og stortingsmann

På Eidsvoll deltok Koren med iver i forhandlingane, med basis i eit program som han formulerte i sine «Strøetanker som Materialer til vor Statsbygning» oversendt konstitusjonskomiteen den 15. april. Ei hovudsak for han var dei amerikanske og franske revolusjonanes grunnprinsipp om at alle menneske er fødde like. Koren gjorde rett nok eit visst unntak for monarken. Men «...alle øvrige ere ifølge Fødselen lige - Ministrenes, Rigs Raadens og Grevens Søn, bør intet medfød Fortrin nyde i Staten, fremfor den ringeste Daglønners, eller endog Stats Slaves og Forbryders Søn [...] [og Kongen bør] ligesaasnart vælge Daglønnerens som Ministerens Søn til sin øverste Embeds Mand, naar han finder ham dertil duelig - altsaa, aldeles ingen Stænder - ingen arvelig Adel - ingen Forretter ifølge Fødsel eller ifølge Rigdoms og Godsers Besiddelse eller noget saadant - Ikun Dyd og Duelighed bør give Adgang til høye Værdigheder ...»

Koren gjekk inn for full relgionsfridom: «Statens Grundlove bør tilstaae alle Religioner, uden undtagelse, fri Religions Øvelse og Borger Ret i vort Land, endog den blinde Hedning [...]» Og ytringsfridom følgde naturleg med: «Tryke-Frihed og Meeningernes offentlige Meddeelelse, bør staae enhver frit for, under fornuftige Loves Tømme, og ikun meget faa Indskrænkninger.»[3]

Koren var også representant for amtet på omframstortinget hausten 1814, og Koht meiner han hadde større reelll innverknad her enn på Eidsvoll. Han var den som skarpast hevda at Noreg ikkje måtte få noko anna enn konge felles med Sverige. Han argumenterte for å tilleggje Stortinget, ikkje kongen, makt til utnemne regjeringsmedlemmer, han var motstandar av statthaldarembetet og han gjekk inn for eit eige norsk konsulatvesen og eit eige norsk flagg. Alt dette var spørsmål som skulle kome til å stå særs sentralt i unionsstridane i det meste av århundret.

Koren vart også vald til det fyrste ordinære stortinget i 1818. Der var han medlem i 12 komitear, mellom dei unionskomiteen, Adelslovkomiteen og komiteen for nasjonalfargar. Han var formann i tre av desse komiteane. I debatten på dette tinget om dei lærde skulane, gav Koren ei utførleg utgreiing om kvifor han gjekk inn for studiet av moderne språk og naturvitskap. Også i dette foregreip han standpunkt som fyrst skulle få fullt gjennomslag mykje seinare i århundret.

Koren var ein liberalar ikkje berre kva gjeld statsborgarlege rettar, men også i den økonomiske politikken. I 1817 skreiv han til dømes ei utgreiing om kor nyttig frihandelen ville vere for utviklinga av jordbruket.

Referansar

  1. Kolltveit, O. 1962:216.
  2. Her sitert etter Kolltveit, O. 1962:217.
  3. Alle sitata henta frå Riksforsamlingens forhandlinger, del 1, bilag til hovedprotokollen nr. 17.

Kjelder og litteratur

  • Koht, Halvdan: Artkkel om Koren i Norsk biografisk leksikon (1936)
  • Kolltveit, Olav: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. Bygdesoga, bd. 2 og 4:2, Odda 1962 og 1971.
  • Halvorsens forfatterleksikon, bd. 3.
  • Koren, Arnoldus: hans brev frå Eidsvoll, trykte i Nielsen, Yngvar: Bidrag til Norges Historie i 1814, bd. 1, Christiania 1882.
  • Riksforsamlingens forhandlinger, del 1, bilag til hovedprotokollen nr. 17.
  • Storsveen, Odd Arvid: Artikkel om Koren i Norsk biografisk leksikon, digital utgåve

Eksterne lenkjer