Christen Mølbach

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
C. Mølbach. Ukjent kunstnar.
Christen Mølbach (fødd 8. november 1766 i Kristiansand, død i Egersund 7. juli 1834) var kjøpmann og skipsreiar i ladestaden Egersund, dansk og nederlandsk visekonsul, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. Han var blant dei leiande og mest velståande i det egersundske borgarskapet dei fyrste tiåra av 1800-talet, med base i det staselege herskapshuset Nesgård, ein eigedom som hadde følgt med ekteskapet.

Bakgrunn og familie

Han hadde bakgrunn i handelsborgarskapet i Kristiansand. Foreldra var kjøpmann, seinare opplagsskrivar i Bergen Anders Christensen Mølbach og hustru Andrea Antonette Kierulf.

Christen Mølbach gifta seg i Egersund 25. januar 1797 med tremenningen sin Inger Margrethe Kierulf (fødd i Lom 15. mai 1746, død i Egersund 28. april 1815). Ho var dotter av sokneprest Henning Jakob Kierulf og hans fyrste kone Ingeborg Munthe Lem. Inger Margrethe Kierulf var enkje etter sorenskrivar Hercules Weyer (død 1795).

Mølbach kom til Egersund som sorenskrivarfullmektig. Kva slag utdanning han hadde, framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder. Det blir påpeikt i Egersund byhistoriske leksikon at Mølbach hadde eit utgangspunkt i danningsborgarskapet. Han hadde reist mykje, og hadde kanskje juridisk utdanning. Danningsbakgrunnen og hans praktiske verksemd som kjøpmann på den internasjonale marknaden gav han god innsikt i europeisk politikk og maktforhold i tida.

Handelsborgar og konsul

Med giftemålet fekk Mølbach hand om ei betydeleg formue som sorenskrivar Weyer hadde etterlate seg. Mølbach tok handelsborgarskap i 1801, og starta forretningar som var svært vellykka i oppgangstidene fram til 1807. Da Christen Pram besøkte Egersund på ei offentleg finansiert granskingsreise i 1805, var Mølbach blant dei få han finn verd å nemne ved namn der på staden. Med det «eneste nette» bygårdsanlegget og sine 60 000 riksdalar i formue, skilde Mølbach seg ut som ein einar på staden. I Egersunds byhistorie blir Mølbachs økonomiske posisjon jamført med mellomsjiktet av borgarskap i Christiania og Trondheim.

Offentleg verksemd

Med sin økonomiske og sosiale posisjon stod Mølbach naturleg nok sentralt i ladestadens styre og stell og i det sosiale liv. Mellom anna var han havarikommissær i Egersund. I dei spente tidene rundt 1800 var han med i ein offentleg komite som skulle syte for å utbetre festningsverket Lindøy batteri for betre å kunne verne seg særskilt mot engelsk maktutøving på sjøen. Saman med ein annan framståande borgar på staden, Mads Lind Nissen, forskutterte Mølbach alle utgiftene til arbeidet. Samstundes vart den frivillige borgarvæpninga reorganisert.

I 1814 vart Mølbach vald som 2. representant for Stavanger amt til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Dei andre frå amtet var Lars Andreas Oftedahl og Asgaut Olsen Regelstad. Dertil hadde Stavanger by sin eigen representant, Peder Valentin Rosenkilde.

Mølbach var ikkje blant dei mest prominente i forhandlingane på Eidsvoll. Han er best hugsa for eit godt grunngjeve innlegg mot eidsvollsgarantien da den vart debattert den 13. mai. Han sokna til Unionspartiet.

Mølbach vart vald for amtet til stortinget 1824, og var da medlem av justiskomiteen og komiteen som arbeidde med regelement for borgarvæpninga.

Kjelder og litteratur

  • Dybing, Leif: Artikkel om Mølbach i Egersund byhistoriske leksikon
  • Grude, Egil Harald: Egersund byhistorie. Strandsted og ladested. Egersund fram til 1880. Eigersund kommune 1996.
  • Koht, H. og Schnitler C.W. m.fl. (red.): Eidsvold 1814, Kristiania 1914.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Mølbach i Norsk biografisk leksikon (1940). Digital utgaveNettbiblioteket.

Eksterne lenkjer