Christen Henriksen Pram
Christen Henriksen Pram (fødd 4. september 1756 i Lesja, død 28. november 1821 på Saint Thomas, Virgin Islands) var ein særs produktiv faglitterær og skjønnlitterær forfattar. Foreldra var Henrik Frederik Christensen Pram (1726-1800) og Olava Marie Nielsdtr. Stockfleth (1738-?), begge med sterke nettverk i Gudbrandsdalen. Henrik var kapellan i Lesja frå 1751 til han fekk eit sokneprestkall på Slagslunde og Gandløse på Sjælland i 1765 og flytte dit med familien.
Christen var altså berre åtte år da han flytta frå Lesja og Noreg, men foreldra heldt kontakt med nordmenn og Christen vart m.a. kjent med Edvard Storm som voks opp i nabobygda Vågå. Christen rekna seg derfor heile livet for å vere nordmann, og særleg gudbrandsdøl. I 1772 reiste han til København for å studere, men han spesialiserte seg ikkje i eitt fag. Han leste klassiske litteratur og lærte språk, statistikk og økonomi, og var eit ivrig medlem av Det Norske Selskab. I 1781 fekk han stilling i Kommersekollegiet, som justisråd frå 1802 og etatsråd frå 1812.
Forfattarskapen
Både i studietida og seinare både oversette Pram verker frå den klassiske litteraturen og skreiv dikt, skodespel, noveller og romanar. Saman med den danske litteraten Knud Lyne Rahbek starta han i 1785 allmenntidsskriftet Minerva som kom månadleg og der han sjølv skreiv mange artiklar. Han skreiv òg avhandlingar om eit universitet i Noreg (1795) og ei bok Om Befolkningen i Skandinavien (1809).[1]
Den viktigaste innsatsen til Pram kom likevel etter kongeleg ordre av 25. mai 1804, da han starta på eit omfattande reiseprogram i Noreg. Oppdraget var eigentleg å samle informasjon om brenninga av tangaskel, som det hadde kome inn mange klager på. I tillegg skulle han skaffe sikker informasjon om alle næringsvegar som sorterte under kollegiet.[2]
I perioden frå sommaren 1804 til våren 1806 gjennomførte Pram to lange studiereiser i Sør-Noreg. Den første gjekk nordover Hedmarken, Gudbrandsdalen via Trondheim til Mørekysten og attende. Den andre gjekk gjennom det indre av Buskerud, Telemark og Agder, ned Setesdalen til langs kysten til Etne i Sunnhordland, med retur langs Sørlandskysten.[3] På desse reisene samla han ein "vrimmel av detaljopplysninger om hverdags-Norge i bygd og by [...] Han noterte og skisserte. Han laga teikningar av maskiner og mekaniske innretningar eller gjorde kartskisser."[4]. Resultatet av reisa vart 10 store manuskriptband til ei økonomisk-statistisk reiseskildring over landet. Mindre delar av desse er trykte, men det meste ligg visstnok framleis utrykt i Det Kongelige Bibliotek i København. Utanom desse manuskripta er det teke vare på to kopibøker med brev Pram sendte undervegs på reisene til oppdragsgjevaren (kollegiet) og andre han hadde kontakt med. Denne korrespondansen er trykt (Valen-Sendstad 1964), og sjølv om den er mykje mindre omfattande enn sjølve manuskripta, gir den eit bilde av reisene og kva Pram var særskilt interessert i. På nokre punkt supplerer òg breva hovudmanuskripta.[5]. På Olsok den 29. juli 1804 skreiv han ein sang på garden Rotvold i Trondheim som er kalla den første Trondhjemssangen. Sangen er teke inn i tidsskriftet Trondhjemske blandinger (hefte 1–3, 1804) utgjeve av konrektor ved Latinskulen (1802-1806) Niels Hofman Sevel Bloch.
Personhistoria
Christen Pram vart gift i 1782 med Maria Magdalena Erichsen (1754–1819). Økonomisk var han mindre heldig - forfatterskapen gav ikkje særleg overskot, og han skal òg ha gjort seg upopulær hos arbeidsgjevaren, særleg etter at han engasjerte seg som ein av hovudmennene bak danninga av Nordmandsforeningen etter Kielfreden i 1814. Pram søkte så eit lite embete i heimlandet, men utan å få svar. Da han miste stillinga i departementet, søkte han tilsetting som tollforvaltar på St. Thomas, der han døydde kort tid seinare.[6]
Kjelder
- Bull, Francis 1924: Norges litteratur bd. 2. Kopi av omtale av Thomas Rosing de Stockflet og Christen Pram i Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog 1993 s. 29-36
- Eyben, August v. 1929: Stamtavle over Slægten Stockfleth s. 21.
- Kjelland, Arnfinn 1992: Bygdebok for Lesja bd. 2. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn s. 700.
- Nettum, Rolf Nyboe. (2009, 13. februar). Christen Pram: utdypning. I Norsk biografisk leksikon (henta (6.12.2013)
- Valen-Sendstad, Fartein 1964: Innledning. I Christen Pram: Kopibøker fra reiser i Norge 1804-06. Utgitt som festskrift til Sigurd Grieg på 70-årsdagen 22. august 1964. De Sandvigske Samlingers skriftserie nr. 1, s. V-VII.
Referansar
Bakgrunnsstoff
- Digitaliserte bøker av Pram hjå Nasjonalbiblioteket