Elling Olsson Walbøe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Elling Olsson Walbøe (født 26. mai 1763 i Ørskog, død 1831 same stad) var bonde og eidsvollsmann.

Han vart i 1789 gift med Synnøve Olsdotter Walbøe, og paret fekk sju born. Ho døydde i 1820, og to år seinare gifta Elling Olsson seg med Marthe Gjertrud Olsdotter Vestre. I det andre ekteskapet er det ikkje kjent nokre born. Han har stor etterslekt, og mange av etterkommarane bur i Ørskog.

Ved folketellinga 1801 eigde han og budde på Vold øvre med kona og tre born. Han var da forlikskommissær i prestegjeldet.

Elling Olsson vart i 1814 ved valet i Ørskog valmann for prestegjeldet, og ved amtsvalet vart han 3. representant for amtet. Dei andre to representantane var amtmann Hilmar Meincke Krohg og prost Jens Stub. Olsson stemte med sjølvstendepartiet under forhandlingane.

Kjelder

Eksterne lenker