Val til Riksforsamlinga 1814 i Romsdals amt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Valet til Riksforsamlinga 1814 i Romsdals amt fann stad på Nøjsomheden i Molde den 30. mars 1814. Det vart forfatte ei adresse og fullmakt, der det gjerast klart at «Svenske ville vi ikke blive; mod fremmed Vold ville vi vide at forsvare os».
Etter ei innleiande tale ved amtmann Hilmar Meincke Krohg vart dei tre representantane vald:
- Amtmann Ridder Krogh
- Provst, Ridder Baade, som grunna høg alder ikkje kunne ta på seg oppgåva. Så vart prost Finckenhagen vald i staden, men også han hadde god grunn til ikkje å reise til Eidsvoll. Til slutt vart prost Jens Stub vald som andre representant.
- Bonden Elling Olsen Walbøe
Adressa er underteikna av valmennene. Rekkefølgja i tabellen er slik dei står i dokumentet, men dei kan og sorterast på fornamn eller etter andre felt.
Namn | Signerte | Yrke/tittel | Fødeår | Valmann frå |
---|---|---|---|---|
Hilmar Meincke Krohg | H.M. Krohg, Amtmand | Amtmann | 1776 | Bolsøy prestegjeld |
Peter Daniel Baade | P.D. Baade, Provst | Prost | 1737 | Borgund prestegjeld |
Lars Lund Finckenhagen | Finckenhagen, Provst paa Nordm. | Prost | 1757 | Surnadal prestegjeld |
Jens Stub | J. Stub, Provst i Romsdalen. | Prost | 1764 | Veøy prestegjeld |
Peter von Schnitler | C. Schnitler, dimit. Capitain. | Offiser (pensjonert) | 1772 | Nesset prestegjeld |
Hans Rasmus Astrup | H.R. Astrup, Sognepræst til Grytten. | Prest | 1754 | Grytten prestegjeld |
Johan Christopher Haar Daae | J.C.H. Daae, Sognepræst til Nordalen. | Prest | 1759 | Norddal prestegjeld |
Joachim Fredrik Kjelstrup | Kielstrup, Sognepræst til Ørskoug. | Prest | 1764 | Ørskog prestegjeld |
Peder Thams Buschmann | P.T. Buschmann, Sognepræst til Ulfsteen. | Prest | 1762 | Ulstein og Hareid sokn |
Georg Burchard Baade | Georg Burchard Baade, Sognepræst til Stranden og Stordalen. | Prest | 1761 | Stranda prestegjeld |
Andreas Høyem | Andreas Høyem, Sognepræst til Agerøe Prestegiæld. | Prest | 1761 | Aukra prestegjeld |
Philip Wilhelm Nicoll | Philip W. Nicoll, Sognepræst for Haram. | Prest | 1774 | Haram prestegjeld |
Hans Holmboe | Hans Holmboe, residerende kapellan til Tingvolds Præstegjeld. | Prest | 1769 | Tingvoll prestegjeld |
Ole Wigdahl | C. Wiigdahl, Borger av Chsund og Handelsmand i Aure. | Handelsborger | 1772 | Aure prestegjeld |
Arnt Olsson Semundset | Arnt Olsen Semundset | Gardbrukar, prestens medhjelper | 1770 ca. | Aure prestegjeld |
Jonas Knutsson Mo Linvåg | Jonas Moe | Gardbrukar | 1759 | Edøy prestegjeld |
Ole Olsson Grue | Ole Olsen Grue | Los | 1770 ca. | Grip prestegjeld |
Ole Syversson Øyen | Ole Øien | Gardbrukar | 1761 | Edøy prestegjeld |
Iver Jonsson Grip | Iver Jonsen Grip | Los | 1768 | Grip prestegjeld |
Ole Toresson Engvik | Ole Engvig | Gardbrukar | 1752 | Kvernes prestegjeld |
Elling Endresson Rausand | Elling Røsand | Gardbrukar | 1773 | Kvernes prestegjeld |
Martinus Larsson Brøske | Martinus Larssen Brødch | Gardbruker | 1784 | Stangvik prestegjeld |
Anders Larsson Kanestraum | Anders Larssen Channestrøm | Gardbrukar | 1772 | Stangvik prestegjeld |
Lars Larsson Honnstad | Lars Larssen Haandstad | Gardbrukar | 1758 | Surnadal prestegjeld |
Erik Pedersson Koksvik | Erich Pedersen Koxviig | Lensmann | 1775 ca. | Tingvoll prestegjeld |
Peder Olsson Furu | Peder Olsen Furrue | Skulehaldar | 1781 | Sunndal prestegjeld |
Tore Olsson Opdøl | Tore Olufsen Opdøhl | Lensmann | 1773 | Sunndal prestegjeld |
Ole Ivarsson Midthaugen | Ole Iverss. Mithauen | Gardbrukar | 1765 ca. | Bolsøy prestegjeld |
Peder Pedersson Sira | P.P. Siira | Lensmann | 1769 | Nesset prestegjeld |
Ole Olsson Nesje | Ole Olsen Nessje | Gardbruker | 1773 | Veøy prestegjeld |
Ole Amundsson Kabbeseter | Ole Amundsen Cabsæter | Gardbrukar | 1778 | Grytten prestegjeld |
Lars Larsson Langlo | Lars Larsen Langeloe | Gardbrukar, prestens medhjelper | 1761 | Stranda prestegjeld |
Jakob Peerson Bae | Jb Peersen | Handelsmann | 1777 | Bud prestegjeld |
Elling Olsson Walbøe | Elling Olsen Walbøe | Gardbrukar | 1763 | Ørskog prestegjeld |
Lars Trondsson Vestad | Lars T: Vestad | Gardbrukar, forlikskommisær | 1747 ca. | Bud prestegjeld |
Tore Pedersson Spjelkavik | Thor Pedersøn Spilkavigen | Gardbrukar | 1770 | Borgund prestegjeld |
Hans Olsson Dale | Hans O. Dahle | Gardbrukar | 1756 ca. | Aukra prestegjeld |
Torstein Kolbeinsson Standal | Tosten Colbensen Standal | Gardbrukar | 1785 | Hjørundfjord prestegjeld |
Anders Jakobsson Roald | Anders Jacobsen | Gardbrukar | 1761 | Haram prestegjeld |
Ole Arnesson Dale | Ole A.sen Dahl | Gardbrukar, kyrkjeverje | 1752 | Norddal prestegjeld |
Ole Jonsson Standal | Ole Jansen Standal | Gardbrukar | 1778 | Hjørundfjord prestegjeld |
Ananias Olsson Håbakken | Ananias Olsen Haabakken | Gardbrukar | 1768 | Ulstein og Hareid sokn |
Sjur Hansson Halkjelsvik | Sivert Hansen Halkielsviig | Lærar | 1787 | Volda prestegjeld |
Knut Ellingsson Brautaset | Knud Ellingsen Brouteseth | Gardbrukar | 1755 | Volda prestegjeld |
Elling Rasmusson Rovde | Elling Rasmuss. Rodve | Lærar, klokkar | 1769 | Herøy prestegjeld |
Jakob Håkonsson Myklebust | Jacob Haagens. Myckelbust | Gardbrukar, skreddar | 1766 | Herøy prestegjeld |
Nils Christian Ottosson Schreuder | Niels Christian Schrøder | Handelsmann | 1748 | Vanylven prestegjeld |
Steffen Edvardsson Haugen | Stephen Edvardsen Houen | Gardbruker | 1771 | Vanylven prestegjeld |
Kjelder og litteratur
- Riksforsamlingens forhandlinger. 2 : Adresser og fuldmagter. Grøndahl & Søns Boktrykkeri. Kristiania. 1914. Digital versjon på Nettbiblioteket