Andreas Høyem

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Andreas Høyem (fødd 1761 på garden Høyem på Byneset) var prest. Han var son av Isak Zachariasson Høyem, klokkar i Byneset prestegjeld, og Ingeborg Pedersdtr. Wilmann.

Andreas Høyem avslutta teologisk embetsutdanning i 1788, og same året vart han utnemnd til residerande kapellan på Byneset. I 1798 vart han sokneprest i Aukra prestegjeld, og fekk bustad på Aukra prestegard. Han vart gift i 1795 med Knerke Dorothea Schive (1775-1830), dotter av Jens Schive og Sophia Matheson. Saman fekk dei 11 born.

Etter fleire års sjukdom som følgje av slag døydde Andreas Høyem i Aukra i 1823.

Kjelder

Eksterne lenkjer