Sjur Hansson Halkjelsvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjur Hansson Halkjelsvik (1787-1868) var stortingsmann og den første ordføraren i Volda.

Han var fødd på garden Eide i Austefjorden i Volda prestegjeld. I 1812 vart Sjur Hansson gift med Anne Helene Paulsdtr. (1784-1849) frå Skjerva, eit bruk under garden Halkjelsvik i Volda. Sjur Hansson fekk deretter skøyte på Skjerva, og han skreiv seg etter dette for Halkjelsvik. Paret fekk seks born.

Mora til Sjur, Annemor Jacobsdtr, kom frå eit skrivande miljø i Bjørkedalen i Volda. I perioden 1805-1812, før han gifta seg, var Sjur omgangsskulelærar. I 1809 skreiv han to dikt til minne om to soldatar som hadde mist livet i kampen mot svenskane i 1808, og desse dikta fekk han trykt ved prenteverket til Sivert Aarflot på Ekset. Han aksla ei rekkje lokale ombod. Han var forlikskommisær frå 1821 og fram til han døydde i 1868. I perioden 1819-46 var han hjelpevaksinatør. I 1812 sat han i styret for «Sogneselskabet for Voldens Præstegjeld». Han var også nytta som verje for umyndige. I 1823 sat han som ein av dei lokale medlemmene i matrikuleringskommisjonen.

Våren 1814 var han valmann for Volda prestegjeld, og Sjur Hansson var den yngste av valmennene som møtte på distriktsforsamlinga i Molde 30. mars 1814. Ombodet som valmann hadde han ved kvart stortingsval frå og med 1818 og utover på 1830-talet. Som valmann sat han også i skulekommisjonen i prestegjeldet. Han vart valt inn som fast representant på Stortinget i 1830 og 1848, og han var varareprepresentant i 1845. Syskenbarnet til Sjur Hansson, Peder Jacobsson Bjørkedal, vart vald som stortingsmann for Romsdals amt i 1815 og 1818. Sjur Hansson Halkjelsvik vart den første ordføraren i Volda, og i dette ombodet sat han i to bolkar: 1838-39 og 1842-45. På 80-årsdagen sin fekk han medaljen for borgardåd.

Kjelder

  • Ellingsen, Gunnar: Nærings- og kultursoge for Ørsta, Ørsta 2011, s. 246-250, 278, 297, 373, 403-404, 553-554, 587-600, 626, 634, 636, 638, 641-641.
  • Myklebust, Olav og Høidal, Eldar: Busetnadssoga for Volda, bd. 4a, Volda 2012, s. 311.
  • Nerbøvik, Jostein: Myndige møringar 1740-1870, Volda 2004, s. 319.
  • Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr.: Adresser og Fuldmagter, Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, 1914, s. 332-333.