Håvard Skirbekk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Håvard Skirbekk som student 1922. Fotograf ukjent.
Håvard Skirbekk (fødd i Elverum 28. februar 1903, død på Hamar 4. februar 1983) var lærar, museumsmann, lokal- og kulturhistorikar. Han var dessutan språkinteressert og språkpolitisk engasjert. I debatten om målformer stod han for ei samnorsk linje. Han var nynorskforkjempar på austnorsk grunn og tilhengar av ei fornorsking av bokmålet. Skirbekk er kjend for sin store innsats på svært mange felt innan organisasjons- og kulturlivet på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. I 41 år var han knytta til Glomdalsmuseet, fyrst som styremedlem frå 1929, så som konservator/fyrstekonservator og styrar 1950-1970. Han fekk i gang Årbok for Glåmdalen i 1941, og var redaktør for denne heilt frå starten til det siste året han levde. Håvard Skirbekk vart i 1965 tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for sitt mangfelte virke.

Familie

Håvard Skirbekk var son av bonde og bankstyrar Gunnar Skirbekk (1859-1934) og Olea Skirbekk (fødd Elseth, 1867-1954). I 1933 gifta Håvard Skirbekk seg med lærar Valborg Nergaard (1904-1994), dotter til lærar og skuledirektør Sigurd Nergaard (1873-1932) og Helga Pauline Nergaard (fødd Bækken, 1880–1961). Håvard og Valborg Skirbekk fekk sønene Sigurd Nergaard Skirbekk (fødd 1934, professor i sosiologi) og Bjørn Gunnar Skirbekk (fødd 1937, professor i filosofi).

Oppvekst og utdanning

Håvard Skirbekk voks opp i eit politisk engasjert miljø som var både nasjonalt og sosialt orientert. Faren var aktiv venstremann og arbeidardemokrat. Da han var ordførar for Venstre i Elverum, arrangerte han i 1894 det første 1.mai-toget på landsbygda i Noreg, og elles var han ivrig folkeopplysningsmann, fråhaldsmann, målmann og forsvarsven.

Sterke impulsar frå eit liknande miljø fekk Håvard Skirbekk utan tvil på Elverum lærarskule, der mellom anna den komande svigerfaren underviste på den tida. Sigurd Nergaard var også folkeminnesamlar og målmann, og han stod sentralt i arbeidet med Glomdalsmuseet i den fyrste tida 1910-1928.

Håvard Skirbekk hadde eksamen artium frå latinlinja ved Hamar katedralskule (1922). Han tok lærareksamen i Elverum i 1923. Som lærar tok Skirbekk ei rekkje vidareutdanningskurs, mellom anna i praktiske skulefag, biblioteksstell, språk og historie.

Yrkesliv og samfunnsengasjement

Frå Nordhagen skule i Våler i Solør 1932. Håvard Skirbekk øvst og bakarst, flankert av dei andre lærarane fru Bråten, frk Simonsen, fru Svenneby. Fotograf ukjent.
Den fyrste stillinga Håvard Skirbekk hadde som lærar, var på Dovre 1923-1924. Deretter hadde han eit lengre opphald i Våler i Solør (1924-1936). I tidsrommet 1936-1946 var han tilsett ved Byggebeltet framhaldsskule i Vang, og ved Hamar folkeskule frå 1946 til 1952. I denne tida var han lærarlagsformann lokalt, fylkesformann i Hedmark krins av Noregs lærarlag 1945-1948, og i landsstyret for lærarlaget 1946-1951.

Siste året han var i Vang, 1945-1946, sat Skirbekk i heradsstyret for Arbeidarpartiet. I 1948 hadde han stipend for eit halvt års opphald i USA for å lære om amerikansk skulestell.

I 1952 vart Skirbekk tilsett som konservator og styrar på Glomdalsmuseet, og arbeidde der til han gjekk av med pensjon som fyrstekonservator i 1970.

Museumsverksemda

Skirbekk var aktivt med i arbeidet for Glomdalsmuseet lenge før han vart tilsett der. Han brukte mykje ferietid på registrerings- og innsamlingsarbeid. Frå 1929 sat han i styret. Godt over halvparten av dei bygningane som nå tilhøyrer museet, vart reiste i Skirbekks tid. Heilt frå fyrst av, og med auka styrke i hans styrartid, vart det lagt vekt på etnologiske meir enn kunsthistoriske kriteriar i utvalet av hus og gjenstandar til museet. Det vil seie at det som kunne sjåast som representativt ut frå bruk og funksjon, var viktigare enn å leite etter praktstykke og det handverksmessig og kunstnarisk eineståande. Etter måten tidleg kom også den sosiale dimensjonen inn, mellom anna ved at det vart sikra bygningar frå ein husmannsplass allereie i åra 1943-1946, tidlegare enn ved dei fleste folkemusea elles.

I fyrste halvparten av 1950-talet skaffa Skirbekk til museet ei samling bygningar og anna materiale knytta til skogbrukskulturen. Han såg for seg at det skulle skipast ei eiga avdeling for dette på Glomdalsmuseet, og var usamd i at det i staden vart bygt opp eit eige skogbruksmuseum på Elverum.

Språkpolitikk og målføregransking

Særleg frå midten av 1920-talet vart Skirbekk engasjert i målsaka, mellom anna innan organisasjonen Østlandsk reisning. Språkpolitisk var det ei hovudsak for dette laget å tilpasse skriftmålet til austlandsk folkeleg talemål, og laget gjekk inn for «et fælles norsk mål i Norge, høvelig for alle nordmænd», som det heitte i eit opprop frå 1918.[1]

I 1928-1929 var Skirbekk leiar i den frilynte ungdomssamskipnaden Østlandsk ungdomsfylking, som i 1926 hadde kome i staden for Østlandsk reisning, og som hadde det same språkpolitiske programmet. Østlandsk ungdomsfylking var ikkje verksamt lenger etter 1930. Skirbekk gjekk i staden inn i Austmannalaget, som var tilslutta Noregs mållag. Styret i Austmannalaget hadde gått sterkt mot den rettskrivingsnormalen som vart innført i 1938, der for nynorskens vedkomande i-formene (husi og boki) vart avløyste av a-former (husa og boka). På årsmøtet i Austmannalaget i 1938 vart det gamle styret kasta med bakgrunn i standpunktet til rettskrivingsnormalen, og Skirbekk vart vald til ny formann.

Frå det same året var Skirbekk medlem i den nasjonale rettleiingsnemnda for nynorsk, og med opphald under krigen på nytt frå 1945 til 1952. Rettleiingsnemnda var departementets konsultative organ for nynorske lærebøker. Skirbekk vart så medlem i Norsk språknemnd frå dette organet vart oppretta i 1952 til 1962, og han sat i arbeidsutvalet der. Ei viss tilnærming mellom dei to offisielle skriftmålformene var ei hovudsak for språknemnda. Det høvde godt med Skirbekks eige syn, som var «eit samnorsk [som] skal sameine det beste både i nynorsk og bokmål, bygd på det som er levande talemål i dag, på norsk folkemålsgrunn».[2]

Skirbekk var også vitskapleg interessert i målformer og språkhistorie, og skreiv utgreiingar om fleire målføre på Hedmarken, i Odal, Solør og Østerdalen.

Lokalhistorikar og kulturhistorikar

I 1941 vart Austmannalaget lagt ned som følgje av okkupasjonsregimets undertrykking av det frivillige organisasjonslivet. Da foreslo Skirbekk at dei i staden skulle gje ut ei kulturhistorisk årbok, og Årbok for Glåmdalen kom i stand. Skirbekk var den drivande krafta i dette arbeidet, og han var sjølv redaktør for årboka frå fyrste stund til og med den utgåva som kom i 1982, året før han døydde. 1983-årgangen vart laga til eit minneskrift over han.

Han hadde lenge før årboka vart starta drive aktivt med innsamling av folkeminne og tradisjonsmateriale elles, særleg systematisk i tida som lærar i Våler. Dette materialet vart fyrst utgjeve i 1980 (Tru og tenkjemåte; folkeminne frå Nordre Solør.) Medan han var i Våler fekk han også i oppdrag å vere «korrekturlesar» på manuskriptet til bygdebok for Våler, som professor Alexander Bugge hadde etterlate seg da han gjekk bort i 1929. Arbeidet for Skirbekk innebar mellom anna ein god del redigering og utfylling av manglande eller ukorrekte opplysningar.

Frå 1947 til 1957 var Skirbekk formann i Noregs lærarlags skulehistorienemnd. I samband med dette fekk han sett i gang eit omfattande registrerings- og rettleiingsarbeid, og gjorde mykje sjølv på dette feltet i sine heimetrakter. I 1955 kom heftet Skulehistorie. Innføring og arbeidsrettleiing for lokalhistoriske granskarar.

På 1950-talet gjennomførde Skirbekk med støtte frå Nordiska Museet granskingar av kulturkontakten mellom svenske og norske grensestrok. Skirbekk meinte at Østerdalen burde studerast som eit sentralt strok i Skandinavia, ikkje som ein periferi i Noreg.

Skirbekk har i Årbok for Glåmdalen og mange andre stader publisert mykje over 100 artiklar og større arbeid. Det har fyrst og fremst dreia seg om kultur-, slekts- og lokalhistoriske emne og om målføre og språkspørsmål. Av dei viktigaste større arbeida utanom den nemnde folkeminnesamlinga er Hus og tun frå 1963, som er ei bygningshistorisk utgreiing frå regionen, og bygdebøker for Øvre Solør (generell historie for Våler og Åsnes) og Elverum (gards- og slektshistorie).

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå Sigurd Skirbekk og Gunnar Skirbekk i e-post til Hans P. Hosar, august 2010.
  • Norsk allkunnebok bd. IX, 1959, artikkel om Håvard Skirbekk.
  • Norske skulefolk, Dreyer forlag 1952.
  • Skirbekk, Håvard: Elverum bygdebok bd. 1, Elverum kommune 1983.
  • Skre, Ivar: «Håvard Skirbekk som museumsmann», i Årbok for Glåmdalen 1983.
  • Studentene fra 1922. Oslo 1951.
  • Vårt norske morsmål. Austmannalaget 1899-1959. Opplandske målkontor, Elverum 1959.
  • Årbok for Glåmdalen 1983. Minneskrift for Håvard Skirbekk, Elverum 1983.
  • Håvard Skirbekk i Historisk befolkningsregister.

Håvard Skirbekks eigne verk (utval)

(Ein utførleg bibliografi finst i Årbok for Glåmdalen 1983.)

Fotnotar

  1. Vårt norske morsmål side 40
  2. Vårt norske morsmål side 40