Jens Erichstrup

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Jens Erichstrup. Ukjent kunstnar
Jens Erichstrup (fødd i Skien 10. november 1775, død i Stavanger 18. august 1826) var embetsmann, eidsvollsmann og stortingsrepresentant.

Han var fødd inn i ein handverkarfamilie. Foreldra var glasmeister Daniel Jensen Erichstrup og Dorothea Jonsdotter. Han fekk utdanning og tok i 1798 embetseksamen i juss på dansk (ikkje latin). Hans tenestemanns- og embetskarriere byrja med teneste i Rentekammeret i København, fyrst som kopist 1801-1803 og deretter som fullmektig. I 1810 vart han utnemnd til fut i Lister fogderi, så vidt ein kan sjå busett i Farsund. I 1818 fekk han same embetet i Larvik, og allereie året etter konstituert amtmann i Larvik amt. Han vart utnemnd til amtmann i Stavanger 16. april 1825, men døydde allereie året etter. Han var ugift.

Saman med Gabriel Lund og Theis Lundegaard vart Erichstrup vald til representant for Lister amt til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Der tilhøyrde han i følgje Koht (1926) Unionspartiet. Det framgår like fullt at han røysta for Falsens forslag, altså Sjølvstendepartiets standpunkt, da det vart votert over fyrste grunnsetning om styreforma den 16. april.[1] I debatten den 14. mai fekk han med seg fleirtalet på eit framlegg om at skatteordninga skulle basere seg på formue og ikkje på eigedom (jord). Dette er truleg grunnlaget for utsegna om at han i Riksforsamlinga «viste interesse for at de økonomiske tyngsler ikke skulde bli lagt uforholdsmæssig haardt paa bønderne».[2]

Erichstrup vart foreslege til representant for Lister og Mandal amt til stortinget 1815-1816, men vart berre 4. varamann. Koht (1926) meiner dette skuldast bondeagitasjonen i amtet føre dette valet. Ved det neste valet nådde han opp og kom på stortinget 1818. Han var ein hardt arbeidande stortingsmann, mykje brukt som leiar av og sekretær i ei mengd komitear. Fyrste perioden var han til dømes medlem i 19 komitear, av desse i tre som formann og i 12 som sekretær. Seinare var han mellom mykje anna sekretær i Odelstinget (1821-22) og for heile Stortinget (1924). Han representerte framleis Lister og Mandal i 1818, men flytta same året til Larvik. Deretter representerte han Larvik grevskap på stortinga 1821 og 1822 og Jarlsberg og Larvik amt i 1824.

Referansar

  1. Fure, E. 1989:55
  2. Eidsvold 1814:291.

Kjelder og litteratur

  • Abrahamsen, Olav Arild: Farsund bys historie bd. I. En by blir til. Fra stedets oppkomst til 1850. Farsund kommune 1997.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Erichstrup i Norsk biografisk leksikon 1926.
  • Halvdan Koht og Carl W.Schnitler: Eidsvold 1814. Kristiania 1914.
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. 1. bd. 1. del. Kristiania 1914.
  • Jens Erichstrup i Historisk befolkningsregister.