Jon Laurits Qvisling

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
J.L. Qvisling (ukjent fotograf)

Jon Laurits Qvisling (fødd 16. september 1844 i Fyresdal, død same stad 5. februar 1930) var prest og forfattar. Han var den eldste av ti sysken derav ni vaks opp. Foreldra, Gro og Lars Abraham Qvisling, kjøpte garden Lunden i Hegglandsgrend i 1844.

Jon Laurits budde på Lunden til han reiste som ung til Skien for å gå på Skiens lærde Skole. Her tok han eksamen artium i 1862 med karakteren prae ceteris. I 1869 tok han teologisk embetseksamen, men var lærar i Drammen og Grimstad til han blei tilsett som sokneprest i Fyresdal i 1879. Her virka han til 1893.

Under opphaldet i Fyresdal gifta han seg med den omtrent seksten år yngre Anna Karoline Bang (1860-1941) i Grimstad i 1886. Ho var dotter av skipsreiar Jørgen Bang og Antonette Dorothea Huseland. Dei hadde fire born saman: Vidkun, Jørgen, Esther og Arne. På Digitalt museum, Norsk folkemuseum, Fyresdal, er der ein album med ei lang rekke bilete frå livet i prestegarden og frå Lunden teke av Jon Laurits Q. sjølv meiner ein.

I perioden 1893-1900 var J. L. Qvisling residerande kapellan i Strømsø i Drammen til han blei sokneprest i Gjerpen og prost i Skien. Han tok avskil i 1917 og døydde i 1930.

Om J. L. Qvisling var liten av vokster, tok han det att i bokleg kunnskap. Han hadde store faktiske kunnskapar, men òg interesse for gammal overtru. Han var humanist, historikar og skreiv mellom anna fleire historiske bøker frå Telemark. Frå Fyresdal henta han stoff til Fyresdals presters og prestegjelds historie, som kom ut i 1888. Seinare blei boka omarbeidd og kom ut i 1912 med tittelen Fyresdals historie. Same året kom Fra mine unge aar. Desse to bøkene har verdfulle opplysningar om Fyresdal i eldre tid. Båe er kome i nytt opplag. Tilsvarande som for Fyresdal skreiv han om Gjerpen: Gjerpen Prestegjelds og Presters Historie (1904-1905) og Gjerpen. En bygdebok. Bygdeboka var i tre band (1917-1919 og 1921), av dette to band bygdehistorie og eitt band gardshistorie. Qvisling gav dessutan ut eit regionshistorisk arbeid, Øvre Telemarkens Historie i det 17. Aarhundrede (1906).

Fyresdal prestegard.
Foto: Bendik Taraldlien (1890)

Qvisling kan trygt reknast med blant pionerane innan bygdeboksjangeren. Han hadde eit medvite program for det lokalhistoriske arbeidet, klårt uttrykt i førordet til Fyresdal-boka: «Det er ikke min mening at levere nogen "beskrivelse" av prestegjeldet, det er dets historie jeg vil gi en oversikt over. Det er menneskene, jeg vil fortælle om, ikke om naturen.» Dette markerte ein skilnad i høve til tidlegare tiders «topografiske beskrivelser». Det kan også sjåast som uttrykk for ein alternativ tendens i lokalhistoria sett i høve til den vekta Edvard Bull d.e., Lorens Berg og andre sentrale aktørar ville skulle leggjast på næringsliv og økonomi, da den systematiske framdyrkinga av bygde- og regionalhistorisk litteratur for alvor kom i gang tidleg på 1900-talet.

Kjelder og litteratur

  • Digitalt museum, oppslag Fyresdal
  • Qvisling, J. L.: Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • Qvisling, J. L.: Fra mine unge aar. Fyrste utgåve 1912. Erik St. Nilssens Forlag. Skien. Ny utgåve som faksimilieutgåve 2004. Norgesforlaget AS
  • Ormtveit, Astrid S. Quisling-saga. Ættesaga frå det 16. århundre til 1945. Eige forlag 1993.
  • Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år. Landslaget for bygde- og byhistorie 50 år 6. juli 1970. Universitetsforlaget 1970.

Eksterne lenker